Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

No kan du begynne å reise kollektivt som normalt igjen

I samband med opphevinga av smittevernregelen om å halde 1 meter avstand til kvarandre, kan du begynne å reise kollektivt som normalt igjen.

Praktisk informasjon

Det er trygt å reise kollektivt. På korte turar er det likevel betre å gå eller sykle.

Når du reiser kollektivt, ber vi deg likevel om å følge retningslinjene under: 

  • Ikkje bruk kollektivtilbodet om du er sjuk eller kan vere smitta med sjukdom
  • Bruk framdøra til å gå på bussen og bakdøra til å gå av bussen om mogleg
  • Unngå å berøre flatar og utstyr inne i bussen om det ikkje er nødvendig
  • Unngå unødvendig fysisk kontakt
  • Ha god hygiene, bruk armkroken eller papir om du må hoste eller nyse
  • Følg råda som blir gitt av myndigheitene og ta omsyn til andre reisande
  • Ha gyldig billett når du reiser kollektivt

Kapasiteten om bord

Alle sitteplassane kan brukast igjen. På bussar med ståplasser, kan du også bruke desse.

Alle kollektivreisande har eit eiga ansvar for å sørge for smittevern, både før du går om bord og under turen. Og vi ber alle om å følge retningslinjene våre for å reise kollektivt.

Bruk av munnbind og sprit på henda

Som reisande kan du velje å bruke munnbind sjølv om det ikkje er ei anbefaling eller påbod om det. Det vil vere mogleg å sprite henda om bord framover også.

Kjøp billett og bruk reiseplanleggaren

Vi oppmodar alle som kan, til å kjøpe billett på førehand. Dette gir mest effektiv handtering om bord, noko som reduserer risikoen for smitte. Billett kan du kjøpe i FRAM-appen, gjennom nettbutikken og på trafikkterminalane. Du kan fylle på reisekortet i nettbutikken og på trafikkterminalane.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen for å finne oppdaterte rutetider.

FRAM Kundesenter er tilgjengelege for å svare på spørsmål om kollektivtilbodet og rutetider på 71 28 01 00.

Bussane

Bussane køyrer som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.

Du kan betale med bankkort og kontantar, bruke reisekort og lese av billetten kjøpt i FRAM-appen på billettlesarane i bussane.

Merk! Betaling med tekstmelding er mogleg fram til 10. oktober 2021, og gyldig billett på tekstmelding skal du vise til sjåføren når du går om bord.

Hurtigbåtane

Hurtigbåtrutene går som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.

Bruk FRAM-appen, reisekort, kontantar eller bankkort.

Ferjene

Ferjerutene går som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak. 

Merk! Billetteringa forsett ved skiltgjenkjenning. Du skal ikkje betale manuelt med ferjekort eller kontantar til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00