Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Informasjon om å reise kollektivt i tida med korona

I samband med at smittevernreglane er letta igjen, har vi samla informasjon under om å reise kollektivt i tida med korona.

Praktisk informasjon

Det er trygt å reise kollektivt. På korte turar er det likevel betre å gå eller sykle.

Når du reiser kollektivt, ber vi deg likevel om å følge retningslinjene under: 

  • Følg råda som blir gitt av myndigheitene og ta omsyn til andre reisande
  • Bruk framdøra til å gå på bussen og bakdøra til å gå av bussen om mogleg
  • Unngå å berøre flatar og utstyr inne i bussen om det ikkje er nødvendig
  • Ha gyldig billett når du reiser kollektivt

Bruk av munnbind

Regjeringa oppheva det nasjonale påbodet om å bruke munnbind på kollektivtransport når det ikkje er mogleg å halde minst 1 meter avstand frå laurdag 12. februar 2022 klokka 10.

Kapasiteten om bord

Første seterad i bussane kan vere midlertidig stengd. Alle andre sitteplassane på bussane, hurtigbåtane og ferjene kan brukast som normalt. På bussar med ståplasser, kan du også bruke desse.

Alle kollektivreisande har eit eiga ansvar for å sørge for smittevern, både før du går om bord og under turen. Og vi ber alle om å følge retningslinjene våre for å reise kollektivt.

Kjøp billett og bruk reiseplanleggaren

Vi oppmodar alle som kan, til å kjøpe billett på førehand. Dette gir mest effektiv handtering om bord, noko som reduserer risikoen for smitte. Billett kan du kjøpe i FRAM-appen, gjennom nettbutikken og på trafikkterminalane. Du kan fylle på reisekortet i nettbutikken og på trafikkterminalane.

Normalt kan du betale med bankkort og kontantar, bruke reisekort og lese av billetten kjøpt i FRAM-appen på billettlesarane i bussane og på hurtigbåtane.

Merk! Per 2. februar 2022 klokka 12 er framdørene i alle bussane opna igjen. Så lenge framdøra er open, er det mogleg å kjøpe billett og lese av/aktivere billetten om bord.

Merk! Betaling med tekstmelding er ikkje lenger mogleg frå 3. februar 2022 klokka 8.

Merk! Billetteringa på ferjene skjer ved skiltgjenkjenning. Du skal ikkje betale manuelt med ferjekort eller kontantar til mannskapet på ferja. Dette gjeld for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Bruk reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen for å finne oppdaterte rutetider.

FRAM Kundesenter er tilgjengelege for å svare på spørsmål om kollektivtilbodet og rutetider på 71 28 01 00.

Drifta

Bussane, hurtigbåtane og ferjene køyrer som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.

Merk! Ved høgt fråvær blant sjåførane/mannskapa som følge av pandemien kan det bli innstilte avgangar i kollektivtilbodet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00