Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Dette bestemmer prisen på ferjereisa

Ferjeprisane er avhengig av takstsone og køyretøy

I april 2020 blei AutoPASS-regulativet innført på alle fylkesvegferjene i Møre og Romsdal som følge av koronapandemien. Med AutoPASS-regulativet reiser passasjerar gratis. Reiser du med bil eller anna køyretøy er ferjeprisen avhengig av lengda på ferjestrekninga og køyretøyet du har.

Slik er AutoPASS-regulativet bygd opp

Kva du må betale på ferja er avhengig av køyretøygruppe og kor langt du reiser. Dette er definert i eit takstsystem med soner:

  • Takstsone: Ei ferjestrekning plasserast i ei takstsone basert på lengda på ferjestrekninga. Alle påbegynte kilometer blir rekna som ei ny sone. Det betyr for eksempel at for ei ferjestrekning på 1,4 km må du betale for to soner.
  • Køyretøygruppe: Du betaler for køyretøyet ditt basert på kva gruppe køyretøyet ditt tilhøyrer. Det er lengda på køyretøyet og eventuell last som bestemmer køyretøygruppe. Prisen er uavhengig av kor mange passasjerar det er i køyretøyet.

Det er ni køyretøygrupper, inkludert eventuell last. I tillegg er det ei eiga MC-gruppe for motorsyklar og mopedar.

Alle takstane er inkludert meirverdiavgift.

 

Andre forhold som påverkar ferjeprisane

Takstsoner vart justert i 2019

I 2019 vedtok samferdselsutvalet å justere takstsonene for enkelte ferjestrekningar på grunn av nye distansemålingar. Dermed gjekk nokre samband ei sone ned og andre ei sone opp. Desse justeringane blir innført ved oppstart av nye ferjekontraktar.

Reduserte prisar i koronapandemien

I forbindelse med koronapandemien blei ferjeprisane redusert:

  • I april vedtok fylkestinget og redusere prisane med 20 prosent, slik det blei gjort på riksvegferjene.
  • I juni vedtok fylkestinget at dei reduserte prisane skulle vare ut året. For riksvegferjene falt rabatten bort frå 1. juli 2020.
  • Stortinget vedtok å redusere meirverdiavgifta frå tolv til seks prosent for perioden 1. april og til og med 31. desember 2020.
  • I juni 2021 vedtok Stortinget at mva framleis skal være redusert midlertidig frå 12 prosent til 6 prosent, til og med 30. september 2021.

Her kan du finne AutoPASS-regulativet for ferjetakstar som gjeld frå 01.07.21 (fylkesveg- og riksvegferjer).

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00