Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Ung

FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom og unge vaksne til og med 24 år f.o.m. 01.01.20. Unge kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med bussane, hurtigbåtane og ferjene i Møre og Romsdal.

FRAM Ung kostar 500 kroner f.o.m. 01.01.20, og gjeld i 30 dagar frå datoen billetten er kjøpt eller datoen du vel at billetten skal bli aktivert.

Bruk FRAM-appen eller reisekortet

FRAM Ung kan du kjøpe med FRAM-appen, og alltid ha billetten med deg på mobiltelefonen. Du kan òg kjøpe billetten på trafikkterminalane eller bussen/hurtigbåten, om du vil ha billetten på reisekortet ditt. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen og informasjon om reisekortet.

Merk! Har du FRAM Ung-billett på reisekortet og reiser med ferje, treng du å ha med kvitteringen som dokumentasjon på at du har gyldig billett.

Merk! FRAM Ung er ugyldig som billett på flybussen i Ålesund og nattbussane. På Kystekspressen gjeld FRAM Ung berre mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen.

Merk! FRAM Ung er ugyldig på kollektivtilbod i Møre og Romsdal som ikkje er ein del av det offentlege kollektivtilbodet.

Merk! Om du skal reise ut av eller inn til Møre og Romsdal, treng du å kjøpe ein ekstra billett av sjåføren som dekker strekninga ut av eller inn til fylket. Her kan du finne informasjon om FRAM Ekspress-rutene.

I Rindal, som blei ein del av Trøndelag frå 01.01.19, kan du ikkje bruke FRAM Ung lenger.

I Halsa, som blei ein del av Trøndelag frå 01.01.20, kan du berre bruke FRAM Ung når du reiser med FRAM Ekspress i sonene 870 Betna og 871 Halsa.

I Hornindal, som blei ein del av Møre og Romsdal frå 01.01.20, kan du bruke FRAM Ung.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00