Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Flexx

FRAM Flexx er kollektivtransport som berre køyrer når nokon har bestilt. For å finne informasjon om tilbodet med bestillingstransport i kommunane, kan du bruke lenkene lengre ned på denne nettsida. Du kan òg bestille turen over internett ved å bruke lenkene lengre ned. Eller ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Flexx er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til å komme inn og ut av køyretøyet om du treng det. Du blir henta heime og køyrd heim igjen med mindre noko anna er forklart om turen. Turen blir køyrd med drosje eller minibuss.

Typane bestillingstransport med FRAM Flexx

Tilbringartransport: Ein tur heimanfrå til ein av haldeplassane/kaiene til FRAM sine bussar, hurtigbåtar og ferjer i rute, eller frå haldeplassen og heim igjen. Korresponderer med bestemte avgangar eller framkomstar.

Servicetransport: Ein tur heimanfrå til kommunesentrum eller eit anna handels-/servicesenter, eller frå eit slikt sentrum og heim igjen. I oversikta for dei ulike kommunane ser du kva type turar som er tilgjengeleg i området ditt.

Viktig informasjon

•    Turen køyrer berre når nokon har bestilt, og bestillingane vil bli samordna for å utnytte ressursane best mogleg
•    Turane til/frå ein bustad føreset at den reisande bur maks. 2 km frå oppsett køyretrasé
•    Drosja/minibussen stoppar berre der reisande skal bli henta eller sluppe av, difor kan køyretida variere frå tur til tur
•    Turen treng å bli bestilt ei viss tid før avreise, du kan finne fristen for bestillinga under kvar rute
•    Du må vere klar 5 minutt før avtalt hentetidspunkt. Fordi FRAM Flexx også skal hente andre, kan det vere nødvendig at du venter i opptil 15 minutt etter avtalt tid

Prisen

FRAM Flexx kostar kr 50 per reisande per tur/retning. Barn til og med 16 år reiser gratis i følge med ein vaksen, inntil to barn per vaksen. Barn under 4 år reiser alltid gratis. Du kan betale med kort eller kontant. Fortsett du reisa med det ordinære kollektivtilbodet, kjøper du ein vanleg billett på bussen, ferja eller hurtigbåten.

For "servicetransport kveld" er prisen vanleg takst som for bussen.

For å bestille ein tur

For å bestille ein tur med FRAM Flexx over internett, kan du bruke lenkene under. Om du ikkje vil bestille over internett, kan du ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

  

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00