Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Ekspress

For deg som skal reise langt i fylket, kan FRAM Ekspress-rutene vere ein enkel, moderne og trygg måte å komme seg fram på. Så kan du slappe av og bruke tida på andre ting enn å køyre.

Merk! I jula er det eit redusert kollektivtilbod. Her kan du finne informasjon om julerutene.

Rutene

  • FRAM Ekspress rute 101/100 Volda-Ålesund-Molde-Kristiansund (den tidlegare TIMEkspressen)
  • FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Åndalsnes (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal (togbuss)
  • FRAM Ekspress rute 902 Molde-Sunndalsøra-Surnadal-Trondheim (Mørelinjen)
  • FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim (Mørelinjen)

Her kan du finne rutetabellane for FRAM Ekspress-tilboda, du kan søke i reiseplanleggaren på nett, bruke FRAM-appen til å sjekke rutetidene, eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Ekspress-bussane er universelt utforma, og rutene har sanntidsinformasjon om bord. Her finn du informasjon om kva sanntid er for noko.

Kjøpe billett

Du kan foreløpig kjøpe billetten til avgangane gjennom nettsida til den ansvarlege operatøren på førehand, du kan bruke FRAM-appen til å kjøpe billetten, eller du kan kjøpe billetten om bord på bussen av sjåføren.

Merk! Salet av billett på nett gjeld ikkje rute 420 Molde-Åndalsnes.

Tillate med hund

Frå og med 1. oktober 2017 blei det tillate å reise med hund på FRAM Ekspress-rutene. For hund betalar du barnebillett, og eigaren kan kjøpe billett til hunden av sjåføren om bord. Førarhund, politihund og annan tenestehund som er i aktiv teneste, kan reise utan eigen billett. Ein katt i eit bur er tillate om bord òg.

Vilkår for reise med hund:

  • Reisande med hund skal sitte lengst bak i bussen
  • Dersom det er reisande om bord med sterk allergi, kan sjåfør be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom det er reisande om bord med sterk redsel for hund, kan sjåføren be reisande med hund om å vente på neste avgang
  • Dersom hunden er til sjenanse for andre reisande, kan sjåføren be eigaren om å forlate bussen med hunden

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula