Før du kan handle i nettbutikken, treng du eit reisekort. Her finn du bestilingsskjema for reisekort.
For å kunne handle i nettbutikken må du ha ein konto og logge inn. Her kan du logge inn i nettbutikken eller opprette ein konto om du ikkje allereie har ein.
Opplever du problem eller feil med nettbutikken, ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter. Du skal ikkje ta direkte kontakt med FRAM sin systemleverandør.
Alle periodebillettane, unntatt FRAM Ung, FRAM Student og kombinert periodebillett for buss-hurtigbåt, er tilgjengelege i nettbutikken. I nettbutikken kan du òg fylle reisekortet med ein verdi, verdidelen på kortet bruker du til å betale for billetten om bord. I tillegg kan du bruke nettbutikken til å sjekke når periodebilletten du har på reisekortet går ut eller verdien du har igjen på kortet.
For å kjøpe ein periodebillett til reisekortet, trykk på "Kjøp produkt" i nettbutikken. For å fylle på ein verdi til reisekortet, trykk på "Kjøp verdi".
Her kan du lage ein konto og logge inn i nettbutikken.
Merk! Billettane du kjøper i nettbutikken til FRAM vil normalt vere tilgjengelege på reisekortet neste dag. I nokon tilfelle kan det likevel ta nokre ekstra døgn før billetten er tilgjengeleg på reisekortet, så ikkje gløym å fylle det i god tid innan du skal reise.
Du må ha minimum eitt reisekort registrert på kontoen din for å kunne kjøpe billett og fylle reisekortet med ein verdi. Vel "registrer nytt reisekort" om ingen kort er registrert frå før. Du kan registrere fleire kort pr. konto, slik at det er mogleg for ein familie å berre ha ein konto for familien. Du kan knytte reisekortet opp mot eit kallenamn for lett å kunne identifisere kva reisekort som er knytt til kontoen.