Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Billettoversikt

FRAM sine billettar gjeld på det offentlege kollektivtilbodet i Møre og Romsdal. Dei gjeld ikkje på flybuss, andre kommersielle busslinjer eller annan transport som ikkje er ein del av det offentlege tilbodet. Periodebillettar og rabattar gjeld ikkje for nattbussane til FRAM.

Enkeltbillett

Enkeltbillett gjeld for éi reise på ei bestemt strekning. Enkeltbilletten gjeld ikkje for returreise sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut.

Periodebillett sone (for 24 timar, 7 dagar eller 30 dagar)

Periodebillett sone er ein strekningsbaserte periodebillett som er gyldig for eit uavgrensa tal reiser i den perioden billetten er kjøpt for, for dei sonene billetten gjeld for. Du kan få ein sonebasert periodebillett for 24 timar, 7 dagar og 30 dagar, og billetten er tilgjengeleg for vaksen, barn og honnør.

Når du skal kjøpe ein sonebasert periodebillett, vel du den haldeplassen du vil reise frå og den haldeplassen du vil reise til, og så vil systemet rekne ut billettprisen for deg. Billetten er gyldig for reiser mellom sona som frå-haldeplassen ligg i og sona som til-haldeplassen ligg i. Du kan reise til/frå andre haldeplassar enn dei du har valt, så lenge dei er innanfor dei sonene du har kjøpt billett for.

Periodebillett område (30 dagar)

Nokre stader i fylket finns det ein periodebillett for eit definert geografisk område. Denne typen periodebillett er berre tilgjengeleg for 30 dagar for vaksne og barn.

Områdebillett finns for desse områda:

  • Periodebillett Ålesund, Giske, Sula*
  • Periodebillett Kristiansund
  • Periodebillett Kristiansund/Frei
  • Periodebillett Molde
  • Periodebillett Hjelset/Kleive
  • Periodebillett Elnesvågen-Molde
  • Periodebillett Ørsta/Volda
  • Periodebillett Sykkylven
  • Periodebillett Ulsteinvik sentrum

* I Ålesund er billetten gyldig frå Hessa og Skarbøvik i vest, til Magerholm og Glomset i aust, til Fremmerholen og Brusdalen, og til Taftesund på Ellingsøya.

Kombinert periodebillett for hurtigbåt og buss

Periodebillettar som kombinerer hurtigbåt og buss er tilgjengeleg på ei rekke strekningar. Dette er i prinsippet det same som ein sonebasert periodebillett, men inkluderar både buss og hurtigbåt.

FRAM Ung

FRAM Ung er ein periodebillett for ungdom og unge vaksne til og med 24 år, dvs. fram til den dagen du fyller 25 år. Unge kan bruke denne billetten til å reise uavgrensa med offentleg buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal. Billetten gjeld i 30 dagar.

Merk! Gyldigheitsperioden for denne billetten startar ikkje ved første avlesing på ein billettlesar, slik det er med ordinære periodebillettar (sone/område). FRAM Ung gjeld i 30 dagar frå kjøpsdato eller den datoen du vel at billetten skal bli aktivert.

FRAM Ung gjeld ikkje på flybuss eller nattbuss. Skal du reise ut av Møre og Romsdal (til dømes med Kystekspressen eller ei av busslinjene som går ut av fylket), må du kjøpe ein tilleggsbillett som gjeld strekninga utanfor Møre og Romsdal.

På Kystekspressen gjeld FRAM Ung mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen. På denne båten er det ikkje mogleg å lese av FRAM Ung på ein billettlesar. Planlegg du å reise med denne båten, må du ta vare på kjøpskvitteringa med startdato. Vis fram kvitteringa saman med FRAM Ung-billetten om bord.

FRAM Student

FRAM Student er ein periodebillett for studentar til og med 29 år, dvs. fram til den dagen du fyller 30 år. Billetten gjeld uavgrensa reise på offentleg buss, hurtigbåt og ferje i Møre og Romsdal i perioden billetten gjeld. FRAM Student er berre tilgjengeleg i skoleåret og gjeld for 30 dagar.

Merk! Gyldigheitsperioden for denne billetten startar ikkje ved første avlesing på ein billettlesar, slik det er med ordinære periodebillettar (sone/område). FRAM Student er gyldig i 30 dagar frå kjøpsdato eller den datoen du vel at billetten skal bli aktivert.

Vilkåra for å kunne kjøpe FRAM Student er dei same som for studentrabatt elles, dvs. at den reisande må ha gyldig studentbevis og kvittering for betalt semesteravgift.

FRAM Student gjeld ikkje på flybuss eller nattbuss. Skal du reise ut av Møre og Romsdal (til dømes med Kystekspressen eller ei av busslinjene som går ut av fylket), må du kjøpe ein tilleggsbillett som gjeld strekninga utanfor Møre og Romsdal.

På Kystekspressen gjeld billetten mellom Kristiansund og Kjørsvikbugen. På denne båten er det ikkje mogleg å lese av billetten på ein billettlesar, så reiser du med denne båten må du ta vare på kjøpskvitteringa med startdato, slik at du kan vise fram denne saman med FRAM Ung-billetten.

Merk! Denne billetten er kun tilgjengelig for bruk i skoleåret. Når det er mindre enn 30 dager igjen av skoleåret, er det ikke lenger mulig å kjøpe billetten. Allerede kjøpte billetter kan brukes til de går ut.

Nattbussane

Billettane til nattbussane i Ålesund og Molde har eigne prisar. Her finn du informasjon om prisane.

Barnevogn, rullestol, sykkel, bagasje og dyr

Du treng ikkje kjøpe separat billett for barnevogn, rullestol eller sykkel. Du kan og ta med handbagasje og inntil to kolli i tillegg (maks. 30 kg).

For hund betalar du barnebillett. Tenesthund i aktiv teneste kan reise utan eigen billett.

Det er visse vilkår som gjeld for utstyr etc. om bord. Her finn du meir informasjon om kva som gjeld for å ta med barnevogn, rullestol, sykkel, dyr, etc. om bord.

Firmakonto med reisekort

Eit firma (inkludert offentlege institusjonar, barnehagar, skolar, etc.) kan opprette ein firmakonto og knytte eit eller fleire reisekort til denne kontoen.

Tilsette i selskapet kan bruke korte når dei reiser, og treng ikkje betale for kvar reise individuelt. Kostnaden for reisa blir belasta firmakontoen, og firmaet blir fakturert kvar annan månad.

Eit reisekort knytt til ein firmakonto kan brukast på alle offentlege bussar og hurtigbåtar i Møre og Romsdal. Det er ikkje mogleg å bruke firmakort på hurtigbåten mellom Kristiansund og Trondheim (Kystekspressen).

Eit reisekort med firmakonto kan bli delt mellom fleire innan same eining/selskap.

Dersom du har spørsmål eller ønsker å etablere ein firmakonto, kan du ta kontakt med FRAM Kundesenter via kontaktskjema eller på telefon 71 28 01 00. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM kundesenter. Her finn du kontaktskjemaet for FRAM Kundesenter

Gjennomgåande billett og overgang

Gjennomgåande billett

Når du reiser kollektivt i Møre og Romsdal, skal du så langt det er mogleg få kjøpe ein samla billett for heile reisa, sjølv om du eventuelt skal bytte transportmiddel undervegs. Dette betyr at du betaler for heile reisa på førehand eller på første transportmiddel. Dette heiter ein gjennomgåande billett.

Overgang

Å bytte frå ein buss til ein annan eller frå buss til hurtigbåt eller omvendt, blir rekna som ein overgang. Når du har ein gjennomgåande billett, har du «fri» overgang, dvs. at du ikkje må kjøpe billett på kvart transportmiddel.

Når du har ein gjennomgåande billett som beskrive over, kan du òg bruke denne billetten til å reise vidare i den siste sona som står på billetten, så lenge tida på billetten ikkje har gått ut (normalt innan 60 minutt etter framkomsttida).

Eksempel: Har du kjøpt ein billett frå Ålesund til Molde, kan du reise vidare med bybussane i Molde på same billett.

Merk! Billetten gjeld ikkje for retur på ei reise som er lengre enn ei sone, sjølv om tida på billetten ikkje har gått ut.

Overgang med periodebillett

Har du periodebillett for eit området, gjeld billetten for overgang på alle ruter og soner i dette området. Ved overgang mellom bussar eller mellom buss og hurtigbåt skal du lese av reisekortet eller billetten i FRAM-appen på billettlesaren på bussen/hurtigbåten.

Eigne reglar for Kystekspressen

Reglene til FRAM for overgang gjeld ikkje om bord på Kystekspressen, som høyrer til kollektivtilbodet til AtB i Trøndelag. Her finn du nettstaden til AtB.

Travel like the locals

Når du reiser med offentleg transport, får du ei heilt unik oppleving av området du besøker. Frå bussen, hurtigbåten eller ferja kan du nyte utsikta mot det varierte og svært vakre landskapet i Møre og Romsdal – i fred og ro.

Travel like the locals – eller reis som dei lokale – er turistopplevingar med offentleg transport. Dette er eit tilbod som er flott for deg som besøker Møre og Romsdal og ikkje er så kjend med å reise kollektivt i fylket. Det er også ein fin moglegheit for lokale som ønsker å oppleve området vårt på avslappande vis på ei «ferdigsydd» reise med offentleg transport.

Vi har satt saman turar frå knutepunkt i fylket til dei mest populære reisemåla i området og gjort det enkelt å bestille turen på nett. I Møre og Romsdal har vi meir enn 50 ulike turar du kan velje mellom.

Du får éin billett som gjeld heile reisa - sjølv om du må bytte transportmiddel undervegs. Du får og ei turbeskriving med informasjon om turen, turmålet og praktisk informasjon om reisa.

Billetten du får, gjeld for ein spesifikk dag, og du må følgje dei reisetidene som er oppgitt.

For mange av turane våre kan du laste ned ein Voice of Norway-guide. Voice of Norway brukar GPS-teknologien i mobiltelefonen for å gi deg stadbasert informasjon på turen. Informasjonen blir gitt i form av opplesing, bilde, tekst og lenker.

Travel like the locals-turer er tilgjengeleg i Møre og Romsdal og Vestland.

Her kan du lese meir om turane og bestille billett.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00