Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

FRAM Flexx

For å finne informasjon om tilbodet med bestillingstransport i kommunane og bestille turen over nett, kan du bruke lenkene lengre ned på denne nettsida. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Flexx består av desse tilboda:

Tilbringartransport

Ein tur heimanfrå til ein av haldeplassane/kaiene til FRAM sine bussar, hurtigbåtar og ferjer i rute, eller frå haldeplassen og heim igjen. Korresponderer med bestemte avgangar eller framkomstar.

Servicetransport

Ein tur heimanfrå til kommunesentrum eller eit anna handels-/servicesenter, eller frå eit slikt sentrum og heim igjen. I oversikta for dei ulike kommunane ser du kva type turar som er tilgjengeleg i området ditt.

Natt

Ein tur heim frå offentleg arrangement på kveld- og nattetid i helgene. Natt er i staden for Trygt heim for ein 50-lapp, og er særleg tiltenkt ungdom opp til fylte 25 år.

Viktig informasjon

•    Turen køyrer berre når nokon har bestilt, og bestillingane vil bli samordna for å utnytte ressursane best mogleg
•    Turane til/frå ein bustad føreset at den reisande bur maks. 2 km frå oppsett køyretrasé
•    Drosja/minibussen stoppar berre der reisande skal bli henta eller sluppe av, difor kan køyretida variere frå tur til tur
•    Turen treng å bli bestilt ei viss tid før avreise, du kan finne fristen for bestillinga under kvar rute
•    Du må vere klar 5 minutt før avtalt hentetidspunkt. Fordi FRAM Flexx også skal hente andre, kan det vere nødvendig at du venter i opptil 15 minutt etter avtalt tid

Prisen

FRAM Flexx kostar kr 50 per reisande per tur/retning. Barn til og med 17 år reiser gratis i følge med ein vaksen (inntil to barn per vaksen). Barn under 6 år reiser alltid gratis. Du kan betale med kort eller kontant. Fortsett du reisa med det ordinære kollektivtilbodet, kjøper du ein vanleg billett på bussen eller hurtigbåten.

For "servicetransport kveld" er prisen vanleg takst som for bussen.

For å bestille ein tur

For å bestille ein tur med FRAM Flexx over nett, kan du bruke lenkene under. Om du ikkje vil bestille over nett, kan du ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

  

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00