Bestillingstransporten er eit kollektivtilbod som berre køyrer når nokon har bestilt. Under kan du finne informasjon om tilboda våre FRAM Flexx og FRAM Svipp.
FRAM Flexx er for alle, og du kan få hjelp av sjåføren til å komme inn og ut av køyretøyet om du treng det. Du blir henta heime og køyrd heim igjen med mindre noko anna er forklart om turen. Turen blir køyrd med drosje eller minibuss.
Her kan du finne informasjon om FRAM Flexx-tilbodet i kommunane og kva du gjer for å bestille tur.
FRAM Svipp er ei ny teknisk løysing for bestillingstransport som FRAM skal teste ut. Løysinga skal på sikt erstatte FRAM Flexx.
FRAM har starta eit pilotprosjekt med FRAM Svipp i Ørsta/Volda, der det er mogleg å bestille transport til og frå Ørsta/Volda lufthamn (Hovden) på dei tidene det ikkje går lokalbuss til og frå flyplassen, dvs. om morgonen, etter kl. 18.00 og i helgane.
Inntil vidare må du ha eit norsk mobiltelefonnummer for å kunne bruke denne tenesta.
FRAM Svipp er tilgjengeleg frå og til definerte, sentrumsnære soner i Ørsta og Volda og til definerte tidspunkt som står i samanheng med flyavgang eller flyankomst.
Transporten blir køyrd med drosje, men til same pris som det kostar å reise med ordinær buss. Sidan tilbodet er ein del av kollektivtilbodet til FRAM vil det vere fleire passasjerar i drosja dersom det er fleire som har bestilt til same avgang eller frå same ankomst. Du må derfor beregne at FRAM Svipp-turen tar noko lenger tid enn ein ordinær drosjetur/tur med privatbil.
Merk! Bestillingssida for FRAM Svipp er foreløpig ganske enkel og utan så mykje vegleiing til brukaren. Vi anbefalar derfor at du ser gjennom brukarvegleiaren for bestilling av FRAM Svipp før du skal bestille slik at du gjer det riktig og får den turen du ønskar.
Merk! Før bestillingssida blir oppdatert har du ikkje sjølv moglegheit til å avbestille eller endre ei bestilling via nettsida. Kontakt FRAM kundesenter på telefon 71 28 01 00 hvis du treng å kansellere eller endre bestillinga di.
Bestillingsfrist:
Her finn du brukarvegleiaren for bestilling av tur med FRAM Svipp.
Her kan du bestille tur med FRAM Svipp Ørsta/Volda.