Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

AutoPASS

Merk! Frå 6. april 2020 gjeld billettering ved skiltgjenkjenning og det blir nye prisar for ferje. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare.

Her kan du finne ytterlegare informasjon om billettering ved skiltgjenkjenning og prising på fylkesvegferjene frå 6. april 2020.

Her kan du finne takstane i AutoPASS-regulativet som gjeld for fylkesvegferjene.

1. januar 2019 begynte ordninga med AutoPASS-betaling å gjelde for ferjestrekningene. Hensikta med AutoPASS for ferje er å automatisere betalinga for reisene med ferje.

AutoPASS-ferjekort

AutoPASS for ferje har blitt innført i to steg, der AutoPASS-ferjekort har vore første steget. Dette kortet gir rabatt på billettprisen og erstatta tidlegare rabattkort for ferje.

AutoPASS-ferjekort har vore tilgjengeleg på alle fylkeskommunale ferjesamband sidan januar 2019.

Rabattar med AutoPASS-ferjekort

Du får 50 prosent rabatt for private køyretøy, 17 prosent for passasjerane og 40 prosent rabatt for firma med AutoPASS-ferjekort og konto. Du kan betale manuelt med bankkort og kontantar på ferjene som tidlegare, men får ingen rabatt for det. Merk! Ikkje mogleg å betale manuelt inntil vidare på grunn av koronatiltak.

AutoPASS-regulativ og brikkebetaling

Etter kvart blir det innført AutoPASS-regulativ for ferje og brikkebetaling på alle ferjesamband. For dei fylkeskommunale ferjestrekningane i Møre og Romsdal vil innføringa skje gradvis i samband med oppstart av nye anbodsperiodar.

På dei første fylkeskommunale sambanda i Møre og Romsdal som vil følge AutoPASS-regulativet og samtidig ha brikkebetaling, blir dette innført 1. juli 2020.

Merk! Frå 1. januar 2020 begynte AutoPASS-regulativet og brikkebetaling på to statlege ferjesamband i Møre og Romsdal. Dette gjeld rute 10 Volda-Folkestad og rute 11 Festøya-Solavågen. På desse to strekningane må du ha gyldig AutoPASS-brikke og avtale for ferje for å få rabatt på billettprisen.

Rabatt med AutoPASS-brikkebetaling

På sambanda som følger AutoPASS-regulativet og det har blitt innført brikkebetaling, er taksten for bilen basert på størrelsen på køyretøyet, jf. AutoPASS-regulativet. Med brikkebetaling får du bestemte rabattar.

Elbil

Elbilane får ifølge takstregulativet for ferjetakstar 50 prosent rabatt av den ordinære taksten. Det vil seie at om vanleg full pris for personbil er 100 kroner, vil den fulle prisen for elbil vere 50 kroner. I tillegg får du ytterlegare 50 prosent rabatt med AutoPASS for ferje-konto (40 prosent for firma).

Du må ha ein AutoPASS for ferje-konto

Du kan finne ytterlegare informasjon, svar på spørsmål, lage ein avtale, bestille ferjekort og registrere brikke, ved å gå inn på nettsida som er laga for AutoPASS for ferje. Her kan du finne AutoPASS for ferje på nett.

Skal du reise med ferjene som bruker betaling med brikke, må du òg ha ein gyldig AutoPASS-brikke i bilen. Den treng du bestille frå eit bompengeselskap, her kan du finne informasjon om utstedere av brikke. Deretter må brikken bli registrert på AutoPASS-kontoen din. Har du ein brikke frå før, registrerar du han på nettsida til AutoPASS for ferje når du har oppretta ein konto.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00