Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Vi går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken frå måndag 8. juni

Med bakgrunn i oppdaterte retningslinjer frå nasjonale myndigheiter med ei vidare normalisering og oppmjuking av smitteverntiltak, vil Møre og Romsdal fylkeskommune oppheve avstandskrava i kollektivtrafikken.

Dette betyr at fylkeskommunen frå 08.06.20 vil tilby skoleskyss som normalt. Manglande skoleskysstilbod vil då ikkje bli ein avgrensande faktor for skolane si planlegging av undervisning.

Med den store gjenopninga nasjonale myndigheitene no legg opp til, ønsker vi å legge til rette for at elevar skal få tilbod om ordinær skoleskyss og kunne kome attende til ein normal skolekvardag.

Vi vil oppretthalde forsterka reinhald på alle transportmiddel, og vi ber alle reisande om å vise omsyn. Vidare oppmodar vi framleis alle skolebarn og -ungdom som kan, til å halde fram med å gå eller sykle til skolen.

Om smittesituasjonen endrar seg eller det kjem nye nasjonale krav, vil vi måtte justere tiltaka i kollektivtrafikken.

Full kapasitet i kollektivtrafikken vil gjelde frå og med 08.06.20.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00