Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ver forberedt på forseinkingar på grunn av militær kolonnekøyring

I dag og i vekene framover vil Forsvaret og NATO-øvinga Trident Juncture føre til kolonnekøyring på vegane i Møre og Romsdal. Fylkesveg 64, fylkesveg 65, riksveg 70, E39 og E136 er blant vegane det blir militær kolonnekøyring på.

Reisande med kollektivtilbodet bør vere forberedt på at kolonnekøyringa kan føre til forseinkingar i trafikken på blant anna vegane mellom byane, og at avgangane kan bli seine. 

Med reiseplanleggaren og FRAM-appen kan du søke etter avgangstidene frå mobilen.

For oppdatert informasjon om øvinga Trident Juncture i Møre og Romsdal, kan du gå inn på Statens vegvesen sin nettside med trafikkmeldingar for militærøvinga og NRK Møre og Romsdal sin nettside for militærøvinga.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula