Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Valderøytunnelen: kolonnekøyring på formiddag i helga

Statens vegvesen melder at det laurdag 9. juni og søndag 10. juni kan bli kolonnekøyring på formiddagen også etter kl. 06.00 i Valderøytunnelen.

Entreprenøren skal skjøte og legge om høgspentkablar som ligg i og inntil vegbanen. Dette arbeidet vil gå føre seg heile kvelden og natta før, og entreprenøren kan få behov for nokre ekstra timar på morgonen etter kl. 06 viss det oppstår forseinkingar.

Viss det blir kolonnekøyring, blir det kontinuerlige kolonnar med inntil 20 minutt ventetid.

Reisande bør berekne litt ekstra tid

Det er vanskeleg å sei nøyaktig kor lang tid arbeidet vil ta, men arbeidet vil ikkje pågå lenger enn til kl. 10. Med ein gong arbeidet er ferdig, opnar Valderøytunnelen for fri ferdsel. Dei som til dømes skal rekke jobb eller eit fly, bør berekne litt ekstra tid.

Ordinær kolonnekøyring mellom kl. 20.00 og 06.00

Den ordinære kolonnekøyringa kl. 20-06 vil bli gjennomført som vanleg.
Ellingsøytunnelen vil bli opna for fri ferdsel kl. 06 som normalt.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00