Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida nattilbod i Moldejazz-veka

Det blir ekstra tilbod med nattbuss i kommunane Molde, Fræna, Eide og Aukra. FRAM har eit godt tilbod med nattbussane under jazzfestivalen i 2018 også. Her kan du finne nattbusstilbodet i Moldejazz-veka.

Nattbussane

Som tidlegare vil det vere avgangar i Molde med rutene med rutene 701 til Djupdalen, 701 til Årølia, 702 frå Hatlelia via Nordbyen og 714 til Hjelset/Kleive. I tillegg køyrer rute 420 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 531 til Jendem, Hollingsholm og Malmeskiftet. Rute 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad vil køyre ved behov. Det vil også vere ekstra avgangar inn til Molde sentrum på kvelden.

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertar i Alexandraparken og gågate i sentrum, køyrer ikkje nattbussen forbi Quality Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Bruk FRAM-appen

Alle rutene med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal. Det er fint om du har billetten i FRAM-appen, kortet eller kontantane lett tilgjengeleg når du går om bord. Vi håpar at mange vel å reise trygt og bruker bussane.

For rutetider og informasjon, bruk FRAM-appen, reiseplanleggaren på frammr.no, ring FRAM Kundesenter på tlf. 71 28 01 00 eller besøk Molde trafikkterminal.

 
 

Det ordinære rutetilbudet køyrer òg som vanleg, blant anna med alle dagavgangane. Og nattavgangene til rute 701, 702 og 532 natt til søndag 15. juli. Her kan du finne oversikten over pdf-ane for det ordinære tilbodet til bussane.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00