Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida nattbusstilbod under Tahiti-festivalen 2018

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida nattbusstilbod i Kristiansund under Tahiti-festivalen. Avgangane vil gå natt til fredag, natt til laurdag og natt til søndag.

Busstilbodet under Tahiti-festivalen:

Natt til fredag 29. juni
Avgang kl. 00.30 og 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund)
 
Natt til laurdag 30. juni
Avgang kl. 00.30, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00* (frå Kongens plass)
 
Natt til søndag 1. juli
Avgang kl. 00.30, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00* (frå Kongens plass)
 

*På avgangen frå Kongens plass klokka 03.00 natt til laurdag og natt til søndag, vil bussen i tillegg køyre til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole om det er reisande som skal dit.

For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet, kan publikum gå inn på frammr.no, bruke FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.

Bussbilletten kostar 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei, og kan kjøpast  gjennom FRAM-appen og av sjåføren om bord.

 
Klikk på bildet under for å laste ned detaljerte rutetider som PDF.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00