Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida nattbusstilbod i Skjærvafest-helga

Møre og Romsdal fylkeskommune set inn eit utvida tilbod med nattbussen under Skjærvafest 2018. FRAM-bussane vil køyre både natt til laurdag og natt til søndag.

Når du skal til Innlandet på Skjærvafest, kan du reise med dei ordinære bussavgangane på rute 804. I tillegg til det ordinære rutetilbodet har vi satt opp nokre ekstraavgangar frå Kristiansund sentrum natt til laurdag og natt til søndag.

Nattbusstilbod under Skjærvafest

 
Natt til laurdag 11. august:
avgang kl. 00.45 (frå trafikkterminalen i Kristiansund)
 
Natt til søndag 12. august:
avgang kl. 00.45, 01.50 (frå trafikkterminalen i Kristiansund) og 03.00* (frå Kongens plass)
 

* Avgangen kl. 03.00 natt til søndag køyrer til Seivikakrysset, Rensvik, Kvalvåg og Storbakken/Frei skole ved behov.

 

Kjøp bussbillett via FRAM-appen eller ombord

Bussbilletten kostar 50 kroner til Seivikakrysset og 70 kroner til Frei, og kan kjøpast  gjennom FRAM-appen og med kort eller kontantar av sjåføren om bord.

For rutetider og informasjon om kollektivtilbodet, kan du gå inn på ruteplanleggaren frammr.no, bruke FRAM-appen, besøke Kristiansund trafikkterminal eller ringe til FRAM Kundesender på 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula