Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida kollektivtilbod ved Midsundfestivalen (oppdatert)

I samband med Midsundfestivalen blir det eit utvida kollektivtilbod med buss og ferje natt til laurdag og søndag 16. og 17. juli 2022.

Buss

Avgang frå Midsund sentrum klokka 01.50 mot Solholmen ferjekai via Tangen. Returen blir køyrd frå Solholmen ferjekai via Heggdal.

Avgang frå Midsund sentrum klokka 02.50 mot Midøya via Dryna.

Ferje

Avgang frå Solholmen ferjekai klokka 02.30 til Mordalsvågen ferjekai.

Kjøp billett på førehand

Vi ber om at så mange som mogleg kjøper billett til bussen på førehand. Her kan du kjøpe billett til bussane frå Midsundfestivalen på førehand.

Merk at ikkje all informasjon som følger med billetten er relevant, sidan vi bruker løysinga som er ment for Travel like the locals-turane våre.

Ha billetten oppe når du går om bord, og bruk døra bak om du har kjøpt billett på førehand.

Eller du kan kjøpe billett om bord på bussen med bankkort. Ha kortet oppe når du går om bord, og bruk døra framme ved sjåføren.

Prisen for billetten vil vere 125 kroner.

Kom i god tid

Merk! På grunn av korrespondansen med ferje er det viktig at alle reisande kjem i god tid før avgangen klokka 01.50.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00