Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Utvida kollektivtilbod under Moldejazz

Vi vil som tidlegare ha eit utvida kollektivtilbod under Moldejazz. Det blir ekstra avgangar både på dag, kveld og natt.

Fleire bussavgangar

Det vil vere eit ekstra tilbod med nattavgangar for rutene 701 til Årølia, 701 til Djupdalen og 702 til Hatlelia via Nordbyen heile veka. I tillegg vil rute 714 til Hjelset/Kleive, 420 til Sølsnes, 510 til Eide/Vevang, 531 til Jendem, Hollingsholm og Malmeskiftet, og rute 532 til Elnesvågen og Bud/Farstad køyre natt til fredag, laurdag og søndag. Det vil òg vere ekstra avgangar inn til Molde sentrum på kvelden.

Endra køyremønster i sentrum

På grunn av konsertane i Alexandraparken og at delar av Storgata er stengd, køyrer ikkje bussane forbi Scandic Hotel Alexandra eller Thon Hotel Moldefjord denne veka. Bussane som kjem vestfrå køyrer Sandvegen, Øvre veg og Spolertbakken. Bussane som skal vestover køyrer Romsdalsgata, Øvre veg og Sandvegen.

Kjøp billett i FRAM-appen eller om bord

Alle bussane med avgang frå sentrum vil starte ved Molde trafikkterminal, og vi ber om at du har billetten i FRAM-appen, reisekortet, bankkortet eller kontantane oppe når du går om bord.

Ekstraavgangar for hurtigbåten og ferjene

Det vil også vere ekstra avgangar for hurtigbåten rute 39 Molde-Vestnes på dagtid.

For ferjerutene 30 Solholmen-Mordalsvågen og 31 Aukra-Hollingsholmen vil det vere ekstraavgangar natt til fredag og laurdag i korrespondanse med bussrute 531.

Rutetidene og informasjon om kollektivtilbodet

For rutetidene og informasjon om kollektivtilbodet, bruk reiseplanleggaren på frammr.no, FRAM-appen, ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 eller besøk Molde trafikkterminal.

Her kan du finne ekstraavgangane under Moldejazz i pdf-format. I tillegg vil dei ordinære avgangane for bussane, hurtigbåten og ferjene køyre.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00