Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Undersøking om reisevanane i Volda/Ørsta

Reiser du kollektivt, køyrer bil, syklar eller reiser på andre måtar i området Volda/Ørsta, kan du vere med på å påverke kollektivtilbodet.

Fordi vi arbeider med å planlegge den lokale kollektivtransporten i Volda/Ørsta for framtida, vil vi gjennomføre ei undersøking på nett blant innbyggarane mellom fredag 3. og søndag 19. mai.

For å få planlagt ruteopplegget godt, treng vi å vite reisevanane til innbyggarane. Undersøkinga er laga både for deg som reiser kollektivt i dag og deg som reiser på andre måtar.

Alle svara i undersøkinga er anonyme. Vi vil gjerne ha eitt svar frå kvar person som vil delta.

Her kan du finne undersøkinga om reisevanane i Volda/Ørsta.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00

Merk! Heilagdagane.