FRAM ønsker at passasjerar på buss og hurtigbåt kjøper enkeltbillettar på førehand. Derfor får enkeltbillettar som blir betalt om bord med kontantar eller bankkort eit tillegg i prisen frå 1. januar 2021.
Tillegget er på 10 kroner for vaksne og studentar og 5 kroner for barn, honnør og militære.
- Reisetida er viktig for om folk vel å ta buss eller ikkje. Mindre sal om bord gir raskare billettering og ein raskare busstur. Da blir bussane meir konkurransedyktige samanlikna med privatbilen og det kan få fleire til å reise kollektivt, seier Stig Helle-Tautra, som er avdelingsleiar i FRAM.
Sjåførane har lenge ønska seg mindre kontantar om bord av omsyn til tryggleiken.
- Billettløysingane vi har for kjøp på førehand skal være moglege for alle å bruke. Dei som ikkje er datakyndige kan til dømes ringe kundesenteret vårt for å få reisekort sendt i posten og kan fylle på det hos sjåføren eller på trafikkterminalane, forklarar Stig Helle-Tautra.
Når du først har eit reisekort, kan du fylle på med nye periodebillettar eller reisepengar på bussen eller hurtigbåten. Du kan og fylle på kortet i nettbutikken på frammr.no eller ein av trafikkterminalane.
Takstreglane frå 1. januar og informasjon om ulike typar billettar.