Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Stenginga av Hatlelitunnelen 2. til 5. oktober påverkar bussane i Molde

I perioden tysdag 2. oktober til fredag 5. oktober vil Hatlelitunnelen i Molde vere stengd på grunn av reparasjon. Dette påverkar rutene 702 Hatlelia-Bergmo-Nordbyen og 703 Hatlelia-Granlia-Nordbyen.

Tysdag 2., torsdag 4. og fredag 5. oktober vil rute 702 og 703 køyre via Moldelivegen, Aukravegen, Snarvegen og Sollivegen begge vegar (t/r) til Hatlelia. Dette vil føre til noko forseinking for avgangane.

MERK! Onsdag 3. oktober blir Moldelivegen stengd for å asfaltere. Denne dagen vil berre rute 706 Granlia-Træffhuset køyre til Hatlelia med avgang xx.30 (kvar time klokka halv) mellom klokka 08.30 og 17.30.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00

Her kan du finne opningstidene i jula