Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Smitteutbrot i Ålesund – tiltak i kollektivtrafikken

Som ein følgje smitteutbrotet i Ålesund har kommuneoverlegen bedt om ytterlegare tiltak knytt til kollektivtrafikken.

Fleire bussar i rushtida

Sidan 5. februar har FRAM, som eit førebyggande tiltak mot koronavirussmitte, sett inn ekstra bussar i rushperiodene på bybussane, der presset i kollektivtrafikken er størst.

Frå og med måndag 22. mars blir det sett inn endå flerie bussar i rushperioden i Ålesund.

Frå måndag morgon blir busstilbodet i Ålesund rushtrafikken forsterka med til saman 14 turbussar for å ta ned presset på avgangane med flest reisande. Dette blir gjort for å legge til rette for størst mogleg avstand mellom reisande.

Dei ekstra bussane blir sett inn på desse strekningane:

  • Emblem/Flisnes – Blindheim ungdomsskole
  • Langevåg – Spjelkavik vgs
  • Flisnes – Spjelkavik vgs
  • Ålesund sentrum – Borgund/Spjelkavik vgs
  • Moa/indre bydel – Fagerlia vgs/Ålesund vgs
  • Hessa – Skarbøvik ungdomskole
  • Valderøya – Ålesund sentrum/ vgs  - ekstrabuss frå Ytterland på fleire avgangar

Dei som kan, blir oppmoda om å finne alternative reisemåtar

Sjølv om FRAM no set inn det som finns av ledige bussar i Ålesundsområdet, blir alle som kan oppmoda om å bruke alternative transportmåtar eller reise utanom rushperiodane. 

Påbod om munnbind på kollektivreiser

I Ålesund, Sula og Giske er det no påbod om munnbind i kollektivtrafikken. Påbodet gjeld både på buss og hurtigbåt.

Munnbindpåbodet gjeld ikkje for barn under 12 år.

Det er viktig å merke seg at påbodet om munnbind og vil gjelde for reisande på FRAM Ekspress som reiser gjennom Ålesund kommune, sjølv om dei ikkje går på eller av bussen i Ålesund.

Stengde framdører

Verneombodet til bussoperatøren til FRAM har gjort vedtak om å stenge framdørene på bussane i Ålesund, Sula og Giske. Det er difor viktig at reisande følgjer retningslinene om å halde avstand ved på- og avstiging for å unngå trengsel.

Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør. Reisande blir bedt om å kjøpe billett på førehand i FRAM-appen, via SMS-betaling, på trafikkterminalane eller i nettbutikken til FRAM. Meir informasjon om korleis dei reisande kan kjøpe billett på førehand finns på nettsida til FRAM. 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00