Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Slutt på trykte rutehefte frå 1. mai

Vi minner om at frå og med 1. mai i år vil vi ikkje lenger produsere trykte rutehefte for kollektivtilbodet. Trykte rutehefter blir fort utdaterte, men med digtal ruteinformasjon vil vi alltid kunne holde deg oppdatert til ei kvar tid.

Alltid oppdatert ruteinformasjon på nett og i app

Det er fleire moglegheiter for å få ruteinformasjon og finne avgangane til kollektivtilbodet:

I reiseplanleggaren på frammr.no kan du søke deg fram til kollektivtilbodet. Planleggaren har rutene, avgangane, du kan sjå kva billetten kostar, få informasjon om ruta er forseinka og anna. Her kan du finne reiseplanleggaren.

I FRAM-appen kan du i tillegg kjøpe billetten enkelt og greitt, og ha han med deg på mobiltelefonen. Mange har funne ut at det er enklare å følge med på kollektivtrafikken gjennom denne. Her kan du finne informasjon om FRAM-appen.

For deg som berre treng å vite avgangane til ferjene og hurtigbåtane, kan du laste ned og bruke MR Ferjerute-appen. Her kan du finne informasjon om MR Ferjerute-appen.

Du kan òg ringe til FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteinformasjon. Her kan du finne opningstidene til FRAM Kundesenter.

Du kan skrive ut rutene eller få hjelp til det

Alle rutetabellane vil fortsatt vere tilgjengelege på nettsida til FRAM i pdf-format. Desse er oppdaterte og enkle å skrive ut på papir for dei som vil det. Har du ikkje moglegheita til å skrive ut på eiga hand, kan du kontakte FRAM Kundesenter for å få utskriftene av ruta sendt til deg.

Du kan også møte opp på trafikkterminalen i Kristiansund, trafikkterminalen i Molde eller trafikkterminalen på Moa for å få hjelp til å skrive ut rutene. 

Digitale ruter over heile landet

Endringa med å gå vekk frå å trykke rutehefta skjer fleire stader i landet. Andre fylke har allereie avvikla eller planlegg å avvikle papirversjonen av rutehefta, mellom anna fordi at oppdatering av ruteinformasjonen skjer heile året, og eit trykt rutehefte blir derfor fort utdatert.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00