Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Slik kan du lese av billetten du har i FRAM-appen på billettlesarane i bussen og hurtigbåten

Du kan bruke billettlesarane om bord i bussane og hurtigbåtane til å lese av koden for billetten du har i FRAM-appen.

Slik leser du av koden på billettlesarane

For å bruke lesarane finn du fram billetten og koden for billetten i FRAM-appen, og hald skjermen til mobiltelefonen cirka fem centimeter foran kameraet i bunnen av lesaren. Eventuelt først éin gong for å aktivere det blå lyset for kameraet til lesaren (om det har slått seg av), og éin gong til for å lese av koden. Dette tek cirka to-tre sekund. Om det tek lengre tid, prøv å hald mobilen heilt i ro, beveg mobilen lengre unna eller nærmare lesaren.

Er billetten gyldig blir skjermen på lesaren grønn, og du høyrer ein lyd. Er billetten ugyldig, blir skjermen raud og du høyrer ein annan lyd.

Nesten alle bussane har billettlesare no

I løpet av den siste tida har vi fått installert og prøvd ut lesarane i nesten alle bussane i fylket. No har det blitt enda enklare igjen å reise med FRAM-appen på bussen òg, sidan hurtigbåtane har hatt lesarane ein god stund.

Du kan lese av reisekortet på den same lesaren òg. Berre legg reisekortet inntil bunnen av lesaren, vent litt, og du er ferdig.

Her kan du finne informasjon om FRAM-appen og informasjon om reisekortet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00