Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Slik kan du kjøpe bussbillett

Framdørene på bussane er for tida stengde av smittevernomsyn. Det er derfor ikkje mogleg å lese av billettane på billettlesaren framme i bussen eller kjøpe billett hos sjåføren. 

Det er framleis krav om gyldig billett når du reiser med bussen, og her får du ei oversikt over korleis du kan kjøpe billett.

Kjøp alle typar billettar i FRAM-appen

  • Last ned appen FRAM.
  • Kjøp enkeltbillett eller periodebillett direkte i appen.

Du finn steg for steg-informasjon om å installere FRAM-appen og kjøpe billett på nettsida for appen (bla ned på sida).
 

Kjøp enkeltbillett via tekstmelding (SMS)

  • Send ei tekstmelding til telefonnummer 1990 med ordet BUSS eit mellomrom og beløpet du skal betale. Eksempel: BUSS 37

    Merk! Du skal ikkje legge inn linjenummeret på bussen, kr, NOK eller liknande i tekstmeldinga - berre ordet BUSS og så det beløpet du skal betale.

  • Om du ikkje veit kva reisa di kostar, går du framover i bussen – men ikkje heilt inntil sjåføren – seier kvar du skal reise og så gir sjåføren deg prisen.
     
  • For at du skal kunne kjøpe billett via sms, må mobilabonnementet ditt vere opna for kjøp av innhaldstenester. Viss du ikkje har denne moglegheiten, må du kontakte mobilabonnementleverandøren din. FRAM Kundesenter kan ikkje hjelpe med dette.
     

Hvis du har mobiltelefon men ikkje greier å sende sms, ta kontakt med FRAM Kundesenter på
telefon 71 28 01 00 for hjelp til alternativ løysing.

 

Bestill periodebillett frå FRAM Kundesenter

  • Ring FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 og be om periodebilletten du treng.
  • Du får ei melding med kvittering på tekstmelding. Denne må du svare OK på for å bekrefte kjøpet.
  • Du blir fakturert i etterkant.

  

Kjøp periodebillett eller enkeltbillett på trafikkterminalane

trafikkterminalane i Kristiansund, i Molde og på Moa kan du kjøpe enkeltbillettar og periodebillettar. 
Merk! Berre betaling med bankkort.

Frå 4. mai og inntil vidare har ekspedisjonane på trafikkterminalen opningstidene (måndag-fredag):

  • Molde kl. 08.30-16.30
  • Kristiansund kl. 08.00-16.00
  • Moa kl. 09.00-16.00

  

Kjøp kombibillett for buss og hurtigbåt (periodebillett) i nettbutikken

Inntil vidare er moglegheita for å kjøpe periodebillett for buss fjerna frå nettbutikken. Dette er fordi det ikkje er mogleg å aktivere billetten om bord på bussane.

Merk at det er mogleg å kjøpe strekningsbaserte periodebillettar som inkluderer hurtigbåt, såkalla "kombibillettar", i nettbutikken. 
 

Informasjon om kollektivtilbodet i den situasjonen vi er i

Her kan du finne informasjon om rutetilbodet, ulike tiltak som er gjort for å trygge kollektivreisande, o.l.

Merk! Du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få hjelp og svar på spørsmål.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00