Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Slik blir kollektivtilbodet frå 27. april

På bakgrunn i at myndigheitene gjekk ut 7. april 2020 med at enkelte av elevane kan begynne på skolen igjen frå 27. april, blir kollektivtilbodet endra frå same dato.

Bruk reiseplanleggaren for oppdatert ruteinformasjon

Vi oppmodar publikum til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og inne i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon. Det er òg mogleg å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteopplysingar.

Bussane

Frå måndag vil bussane begynne å køyre skoleskyssen for elevane i 1.-4. klasse i grunnskolen og til elevane ved yrkesfaglege vidaregåande skolar igjen. Kollektivtilbodet vil vere som på skoledagar, med unntak av i gamle Ålesund, Giske og Sula kommunar, kor det vil vere eit kollektivtilbod som normalt gjeld på sommaren. Merk at frå skolane kor det ikkje er skole, for eksempel ungdomsskolane, er skoleskyssen innstilt. Enkelte skolar har avvikande timeplan for tida og skoleskyssen er lagt opp etter dette. I alle kommunane i fylket vil det vere skoleruter som følger smittevernomsynet og krava til skoleskyssen.

I bussane som skal køyre elevane vil det vere fokus på å hindre smitte. Elevane vil sitte på annakvart sete, og det skal vere 1 meter avstand mellom elevane når dei går på og av bussen, i tillegg til når dei ventar på bussen. I tida framover vil reinhaldet òg vere ekstra grundig. Framdøra på bussane vil fortsette å vere stengd inntil vidare, elevane kan bruke døra ved midten av bussen.

Det er gjort ein del særlege tiltak ved organiseringa av skoleskyssen. På enkelte avgangar vil det bli køyrd meir enn éin buss på same avgangen for å transportere alle elevane og samtidig sikre at avstanden som er krevd blir følgd. Nokre av minibussane vil vere bytta ut med dei store bussane.

Hurtigbåtane

Når det gjeld hurtigbåtane, vil rute 23 Langevåg-Ålesund begynne med avgangane kvar halvtime igjen på kvardagar (normalt rutetilbod). På laurdagane vil avgangane fortsett vere innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med bussen på strekninga Langevågen-Moa-Ålesund.

For hurtigbåten 39 Molde-Vestnes-Sekken vil avgangane frå Molde i perioden frå klokka 07.50 og fram til kl. 15.30 fortsette å vere innstilte. I tida det ikkje er eit tilbod med hurtigbåten kan publikum reise alternativt med ferje over fjorden.

Ferjene

For fylkesvegferjene vil alle rutene starte opp igjen neste veke, med unntak av B-ferja for rute 54 Edøya-Sandvika som vil fortsett vere innstilt. I tillegg til C-ferja på rute 06 Hareid-Sulesund som vil vere innstilt i ein periode til, vidare vil ruta begynne å gå over til avgangar kvar halvtime.

B-ferjene på rutene 13 Magerholm-Sykkylven og 50 Seivika-Tømmervåg vil begynne å gå 27. april, men siste turen for rute 50 frå Seivika kl. 18.30 med retur frå Tømmervåg kl. 19.00 vil vere innstilt. B-ferja på rute 36 Åfarnes-Sølsnes vil begynne å gå igjen 29. april.

Rutene 02 Årvika-Koparneset, 16 Standal-Trandal (avgangar på signal), 30 Solholmen-Mordalsvågen, 31 Aukra-Hollingsholmen og 46 Kvanne-Rykkjem som blei redusert til færre avgangar etter påske, vil begynne å gå som normalt igjen frå måndag.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00