Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Sikringa av Kvanne ferjekai blir utsett - startar tidligast i slutten av juni

Entreprenøren som skulle spunte langs steinfyllinga har ikkje kome med mannskap og utstyr til Kvanne som føresett. Møre og Romsdal fylkeskommune har difor valt å avslutte avtalen.

Arbeidet måtte starte i april for å ikkje kome i konflikt med hekketid for fuglar og gytetida i elva Søya. Med tida det tar å få ny entreprenør på plass er ikkje det mogleg. Det er difor tidlegast aktuelt å starte på sikringa i slutten av juni, når Statsforvaltaren opnar for å jobbe på kaia igjen utan konsekvensar for fugl og fisk.

Det betyr at ferje og buss vil gå som normalt fram til ny entreprenør startar på sikringa. Kaia og sjøfyllingane blir inspisert av dykkarar jamleg fram til anleggsstart. På Rykkjem er oppgraderinga av tilleggskaia i rute. Dette arbeidet har ikkje konsekvensar for trafikkavviklinga i ferjesambandet.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00