Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Seivika - Tømmervåg: frå i dag går ferjene i sambandet som normalt igjen

Pelinga for nye Tømmervåg ferjekai er ferdig. Frå i dag (25. mars) går ferjene i sambandet Seivika-Tømmervåg som normalt igjen. 

Reiseplanleggaren er oppdatert og du finn gjeldande rutetabell under Ruter >> Ferje.

Bygger nytt landkar og pir

No startar bygginga av nytt landkar og ny pir. Betongarbeida startar etter påske. Tilleggskaia (piren) blir bygd lengre og breiare for å kunne ta imot dei nye ferjene i sambandet. Støypinga skjer oppå den gamle tilleggskaia. Ho blir riven frå undersida når den nye kaia er ferdig.

Ferdig til hausten

Bygginga vidare skal i all hovudsak ikkje skape hindringar for ferjene. Det kan vere arbeidsoperasjonar som kan føre til innstilling av nokre få avgangar fram til arbeida er ferdige i haust. Det vil bli varsla gjennom SMS-tenesta til Fjord1 og på frammr.no.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00