I samband med koronasituasjonen har FRAM har satt inn ulike tiltak for å hindre smitte i kollektivtrafikken. Vi ber alle reisande om hjelp til å redusere smittefaren av korona og følge råda til myndigheitene når du reiser kollektivt.
Unngå å reise kollektivt om du kan la vere, spesielt i travle perioder. På korte turar er det betre å gå eller sykle.
Reiser du kollektivt, ber vi deg følge desse retningslinjene:
Det blir vaska fleire gongar om dagen og vi har særleg fokus på kontaktflater som handtak, setebelte og stoppeknappar.
Det er fortsatt mange som treng kollektivtrafikk for å komme seg fram. Derfor er det viktig at alle som reiser viser omsyn og følger råda frå helsemyndigheitene.
På dei aller fleste avgangane er det god plass på bussen, men vi har fått tilbakemelding på at enkelte avgangar har vore for fulle. Dette gjeld blant anna nokre avgangar i byane der det har vore mange ståande og avgangar for ekspressbussane som opplevast som veldig fulle.
På bussane er det opent for at alle sitteplassar kan brukast, med unntak av dei fremste seta som er avsperra.
Når bussen er full blir det, så sant det er praktisk mogleg, sett inn ekstra buss på avgangen.
Vi ber alle reisande om å ta omsyn til sine medreisande, slik at det blir trygt å reise sjølv om alle seter er i bruk. Allikevel kan du ikkje nekte andre å sette seg i setet ved siden av deg (halde av to seter) når det er få ledige seter igjen.
Alle kollektivreisande har eit eiga ansvar for å sørge for smittevern, både før du går om bord og under turen. Og vi ber alle om å følge retningslinjene for å reise kollektivt.
Framdørene er opna på alle fleste busslinjer, med unntak av strekninga Trondheim-Orkanger. Enkelte kommunar anbefalar eller har påbod om bruk av munnbind.
Vi ber våre reisande om å følge med på lokale tiltak/anbefalingar/påbod i sin kommune og kommunar dei reiser gjennom.
FRAM anbefalar at passasjerar som reiser gjennom kommunar med påbod/anbefaling om bruk av munnbind, bruker munnbind på heile reisa.
Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør.
Du kan betale med bankkort, bruke reisekort og lese av billetten kjøpt i FRAM-appen på billettlesarane i bussane. Betaling med tekstmelding er fortsatt mogleg, og gyldig billett på tekstmelding skal du vise til sjåføren når du går om bord. For å unngå unødig kontakt mellom reisande, er det viktig at du går på framme (kor det er mogleg) og ut gjennom bakdørene.
Vi oppmodar alle som kan, til å kjøpe billett på førehand. Dette gir mest effektiv handtering om bord, noko som reduserer risikoen for smitte. Billett kan du kjøpe i FRAM-appen, gjennom nettbutikken, på trafikkterminalane og med tekstmelding. Du kan fylle på reisekortet i nettbutikken og på trafikkterminalane.
Har du ikkje mobiltelefon, kan du kjøpe ein koronabillett. Her finn du meir informasjon om koronabilletten.
Viss du ønsker periodebillett og ikkje kan bruke FRAM-appen, kan du kontakte FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for ei alternativ løysing.
Merk! I periodar kan framdørene vere stengde på linjer som går i område med høg smitte. Då kan du ikkje kjøpe billett hos sjåfør eller lese av mobilbillett eller reisekort på billettlesaren framme i bussen. Det er den reisande sitt ansvar å sørge for å ha gyldig billett sjølv når det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør.
Av omsynet til smittevern må følgande føresetnader bli følgd i bussane:
Vi ber alle reisande om å fortsette å følge retningslinjene for kollektivtransporten og råda frå helsemyndigheitene.
Bussane køyrer som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.
Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen vil vere oppdatert og du vil alltid finne riktige rutetider der.
FRAM Kundesenter er tilgjengeleg for ruteopplysningar på telefon 71 28 01 00.
Merk! Med bakgrunn i oppdaterte retningslinjer frå nasjonale myndigheiter med ei vidare normalisering og oppmjuking av smitteverntiltak, har fylkeskommunen oppheva avstandskrava i kollektivtrafikken frå 8. juni. Her kan du finne meir informasjon om at vi går vekk frå avstandskrav i kollektivtrafikken.
Hurtigbåtrutene går som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.
Det er inga kontantbetaling på hurtigbåtene. Bruk FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.
Ferjerutene går som normalt utan innstillingar på grunn av smitteverntiltak.
Billettering skjer ved skiltgjenkjenning. Du skal ikkje betale manuelt til mannskapet på ferja. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare. Her kan du finne meir informasjon om billettering og prisar for fylkesvegferjene.
Inntil vidare har ekspedisjonane på trafikkterminalane opningstidene (måndag-fredag):
Molde kl. 08.00-16.00
Kristiansund kl. 08.00-16.00
Moa kl. 09.00-16.00