Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Samla og oppdatert informasjon om buss-, hurtigbåt- og ferjetilbodet i koronaperioden

I samband med koronasituasjonen har FRAM har satt inn ulike tiltak for å hindre smitte på bussar, hurtigbåtar og ferjer. Tiltak og informasjon om buss kjem først. Bla nedover for informasjon om hurtigbåt og ferje.

  

BUSS

Billettering på bussane

Framdørene på bussane er no stengde. Dette er gjort for å skåne sjåførane frå smittefare ved direkte kundekontakt. På den måten vernar vi om sjåførane si helse og bidrar og til at vi kan oppretthalde kollektivtilbodet i denne perioden. Reisande må bruke bakdør ved på- og avstiging.

Merk! Det er framleis krav om gyldig billett når du reiser med buss! 

For at reisande som ikkje har smarttelefon eller av andre grunnar ikkje kan bruke FRAM-appen, introduserar vi no to nye, midlertidige betalingsmetodar for bussreiser.

 

Slik kan du kjøpe bussbillett:

Kjøp alle typar billett i FRAM-appen

  • Last ned appen FRAM frå Google play eller App Store.
  • Kjøp enkeltbillett eller periodebillett i appen.

Du finn steg for steg-informasjon om korleis du installerer FRAM-appen og kjøper billett under Billettar/FRAM-appen (bla ned på sida).

 

NYTT 25.03! Kjøp enkeltbillett via sms

  • Send ei tekstmelding til telefonnummer 1990 med ordet BUSS eit mellomrom og beløpet du skal betale. Eksempel: BUSS 37

Viss du ikkje veit kva reisa di kostar, går du framover i bussen – men ikkje heilt inntil sjåføren – seier kvar du skal reise og så gir sjåføren deg prisen.

Mykje brukte prisar: strekning Ålesund-Moa kr. 42, byområde Molde/Kristiansund kr. 37, Kristiansund-Frei kr. 59. 

 

NYTT 25.03! Bestill periodebillett frå FRAM kundesenter

  • Ring FRAM kundesenter på telefon 71 28 01 00 og be om den periodebilletten du treng.
  • Du får ei kvitteringsmelding på sms. Denne må du svare OK på for å bekrefte kjøpet.
  • Du blir fakturert i etterkant.

 

Merk! Billettane skal ikkje validerast på skannaren framme i bussen eller hos sjåfør. 

Vi henstiller dei reisande om å ha gyldig billett sjølv om det ikkje er krav om validering.

   

Rutetilbodet - buss

  • Inntil vidare køyrer bussane same ruter som på skolefrie dagar, med nokre unntak på linjene 811, 812 og 902.
  • Nattbussen i Ålesund blir innstilt.  (I Molde køyrer nattbussen foreløpig som normalt.)
  • NYTT 01.04! Endringar i togbusstilbudet  mellom Ålesund og Åndalsnes frå 2. april grunna færre avgangar på Raumabanen.
    • Avgang kl. 12.10 frå Ålesund på kvardagar blir innstilt
    • Avgang kl. 15.45 frå Åndalsnes på kvardagar blir utsett til kl. 1600
    • Avgang kl. 19.45 frå Åndalsnes på kvardager blir innstilt
    • Avgang kl. 12.55 frå Sjøholt til Åndalsnes søndagar blir innstilt

 

Merk! Det kan bli fleire endringar i rutetidene framover. Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen vil være oppdatert og du vil alltid finne riktige rutetider der.

Fram-appen finn du i App store eller Google Play. 

FRAM kundesenter er tilgjengeleg for ruteopplysningar på telefon 71 28 01 00.  

 

Forsterka reinhald på bussar og redusert tal passasjerar

Det blir vaska fleire gongar om dagen på bussane og vi har særleg fokus på kontaktflater som handtak, setebelte og stoppknappar.

Vi køyrer ikkje avgangar med meir enn 50 prosent kapasitet, slik at reisande kan vere minst ein meter frå kvarandre.

Det er fortsatt mange som treng kollektivtrafikk for å komme seg fram. Derfor er det viktig at alle som reiser viser omsyn og følger råda frå helsemyndigheitene.  

 

Spørsmål om refusjon av periodebillettar som ikkje blir brukt

Nasjonale føringar og direkte pålegg av omsyn til smittevern har gjort at mange av FRAM sine kundar fått endra reisebehov. Stengte barnehagar og skolar eller heimekarantene og heimekontor fører til at mange ikkje vil få brukt sine periodebillettar. Dette har ført til mange spørsmål om refusjon av gjenståande verdi på periodebillettar som ikkje vil bli brukt. 

Slik FRAM ser det, ligg desse forholda utanfor omfanget av vår refusjonsordning. I  tråd med vårt samfunnsansvar og føringar frå styresmaktene opprettheld FRAM kollektivtilbodet i fylket i denne perioden. Sidan tilbodet er til stades, har FRAM derfor bestemt at endring i reisebehov av smittevernomsyn eller andre forhold forårsaka av koronapandemien, ikkje medfører rett til refusjon av periodebillettar. 

FRAM vil framleis tilby refusjon av periodebillettar til kundar som kan legge fram kopi av 100 % sjukemelding i minimum 8 dagar, i tråd med våre refusjonsreglar.

Om du er ueinig i utfallet av klaga retta til FRAM, kan Transportklagenemnda vurdere saka. Klagene som skal bli behandla i nemnda, må vere sendt inn før det har gått 1 år etter at du som klagar sendte inn den skriftlege reklamasjonen til FRAM Kundesenter.

  

Ekspedisjonane på trafikkterminalane stengt

Ekspedisjonane på trafikkterminalane i Molde og Kristiansund blir stengt inntil vidare frå om ettermiddagen 16. mars.

Toalett, sjåførrom og ventehall vil fortsatt vere tilgjengeleg.

 

HURTIGBÅT

Rutetilbod og betaling på hurtigbåt

  • Hurtigbåtane køyrer inntil vidare normale ruter.
  • Inga kontantbetaling. Bruk FRAM-appen, periodebillettar, reisekort eller vanleg bankkort.

 

FERJE

Nytt 04.04! Billettering og prising på fylkesvegferjer frå 6. april

Billettering ved skiltgjenkjenning og nye prisar for ferje gjeld frå måndag 6. april. Dette vil gjelde for alle fylkesvegsamband inntil vidare. 

Pris for privatbil blir omtrent som i dag. For større køyretøy blir prisen noko lågare enn i dag. Beløpet som skal betalast inn på forskot for AuotPASS ferje blir og betydelig redusert.

Dette betyr det for deg som reiser med ferje:

  • Alle passasjerar/reisande utan køyretøy reiser gratis.
  • Alle køyretøy blir billettert ved skiltgjenkjenning.
  • For køyretøy med AutoPass for ferje blir prisen belasta avtalen.
  • For køyretøy utan avtale, blir eigar fakturert i etterkant.

For å få rabatt på ferjereiser, må det vere oppretta ein avtale om AutoPass for ferje knytt til ditt bilnummer. Dette gjer du på autopassferje.no.

Merk at det inntil vidare ikkje er behov for autopassbrikke i bilen på ferjesamband i Møre og Romsdal.

For fleire detaljar, sjå eigen Aktuelt-artikkel.

 

Nytt 26.03! Rutetilbodet - ferje

På grunn av redusert trafikk og sviktande inntekter har FRAM bestemt at fire ferjer blir tatt ut av drift frå måndag 30. mars.

Følgande samband blir råka:

  • Hareid – Sulesund: C-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Magerholm – Sykkylven: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Sølsnes – Åfarnes: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Seivika – Tømmervåg: B-ferja blir foreløpig tatt ut
  • Edøya – Sandvika: planlagd B-ferje blir ikkje sett inn

Dette inneber at alle avgangane der desse ferjene er satt opp, blir innstilt.

 

Oppmoding til trafikantane 

Dei som kan, bør unngå å reise kollektivt i dei travlaste periodane. På korte turar er det best å gå eller sykle. Reisande med ferje oppmodast å bli sittande i køyretøya sine under overfarta. 

Om du skal reise med buss, hurtigbåt eller ferje ber vi deg om: 

  • Ikkje reis kollektivt hvis du er sjuk eller kan vere smitta  
  • Hugs god hoste- og handhygiene 
  • Vis omsyn til andre reisande 
  • Følg råda som blir gitt på fhi.no 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00