Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ruteendringer Sunnmøre frå 17. august - dagleg sjukehusbuss frå Vanylven m.m.

Frå måndag 17. august blir det nokre justeringar i rutene på Sunnmøre.

Dagleg sjukehusbuss frå Vanylven via Sande, Herøy og Ulstein til Ålesund sjukehus

Frå 17. august blir det dagleg sjukehusbuss frå Vanylven til Ålesund sjukehus. Bussen går frå Åheim via Sande, Herøy, Ulstein, Hareid og Moa til Ålesund sjukehus, og tar på påstigande passasjerar fram til Mauseidvåg. Det blir ein bussavgang frå Åheim kl. 08.05, og to avgangar frå sjukehuset, kl. 11.25 og 15.45.

20-minuttsfrekvens mellom Ørsta og Volda i rushtida

I Ørsta-Volda blir det 20-minuttsfrekvens med betre tilbod til sjukehuset og høgskolen i rushtida (06.45-09.45, 13.50-16.50).

Ny hurtigbåtavgang til Hareid på kveldstid

Det blir ein ny avgang med hurtigbåten til Hareid på kveldstid, frå Ålesund 19.25 og frå Valderøya 19.35. Dette gir eit betre tilbod frå flyplassen. Avgangen frå Ålesund kl. 09.50 utgår.

Vedtatte rutekutt

Rutekutt som er vedtatt som følge av pålagte innsparingskrav vil og bli gjennomført frå 17. august. Det blir mindre justeringar på mange ruter, hovudsakeleg på dagar/tider utan skole.

For oppdatert reiseinformasjon, sjå reiseplanleggaren og rutetabellar på frammr.no eller kontakt FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00