Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ruteendringar for kollektivtilbodet frå 17. august

Frå og med 17. august 2020 blir det endringar i rutetidene for kollektivtilbodet.

Vi ber alle om å vere merksame på at det er endringar i rutetidene frå 17. august. Alle bør sjekke kanalane våre med ruteinformasjon for å finne ut om det er endra på rutene og avgangane du bruker.

På grunn av den økonomiske situasjonen til fylkeskommunen har fylkestinget vedtatt å redusere i kollektivtilbodet. Dette har ført til at nokre ruter har blitt slått saman og nokre ruter med få reisande har blitt reduserte for å kunne bruke midla på ruter med større potensial i tal reisande.

Her finn du ruteinformasjon

For å sjekke rutetidene og finne anna ruteinformasjon om kollektivtilbodet i fylket, kan du søke i reiseplanleggaren eller lese rutetabellane i pdf-format på frammr.no, bruke reiseplanleggaren i FRAM-appen, kontakte FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 eller besøke trafikkterminalane.

I reiseplanleggaren kan du òg få informasjon om eventuelle avvik på avgangen i sanntid, finne ruta på kartet, få opp prisen på billetten m.m.

Endringane

Nedanfor har vi oppsummert viktige endringar for områda i fylket. Merk! Det er fleire endringar enn det som er nemnt nedanfor.

Sunndalsøra, Surnadal, Trondheim og Oppdal

  • På FRAM Ekspress rute 901 Kristiansund-Oppdal blir avgangen klokka 08.30 frå Sunndalsøra til Oppdal og avgang kl. 13.15 frå Oppdal til Sunndalsøra innstilt på laurdag.
  • På FRAM Ekspress rute 902 Surnadal-Molde blir avgangen kl. 18.50 frå Sunndalsøra til Molde innstilt på søndagar. Og avgangen kl. 21.00 frå Molde til Sunndalsøra blir innstilt på søndagar.
  • På FRAM Ekspress rute 905 Molde-Kristiansund-Trondheim blir avgangen kl. 20.08 frå Halsa til Trondheim innstilt på søndagar og avgangen kl. 12.08 frå Halsa til Surnadal innstilt på kvardagar.

Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla

  • I Kristiansund blir det ei omlegging av rutene som vil gi hyppigare, raskare og meir forutsigbare avgangar. I helga blir det eit auka tilbod om morgonen på ein del av rutene.
  • På Averøy blir det noko reduksjon om kvelden frå 17. august, men ein del av avgangane vil bli sett inn igjen frå 12. oktober som følge av at bompengekostnadane blir fjerna.
  • På Aure blir det ruteendringar for nokre avgangar.
  • På Smøla blir avgangane på laurdag og søndag innstilte med unntak av ein avgang på søndag for rute 831 Veiholmen-Hopen-Nordvika-Straumen-Edøya. Dette er på grunn av låge reisetal.

Molde og Gjemnes

  • Det blir redusert noko i talet avganger til og frå Hatlelia.
  • Rutene 705 Sentrum-Glomstua og 706 Granlia-Træffhuset blir reduserte med ein avgang om ettermiddagen på kvardag.
  • På rute 715 Torvikbukt-Batnfjord blir tilbodet redusert ved skolefri.
  • Rute 716 blir lagt inn i rute 715, men tilbodet blir i hovudsak det same som i dag.

Fræna, Eide, Midsund og Aukra

  • På rute 561 Aukra blir avgangen til første flyavgang og avgangen kl. 07.00 Molde-Aukra innstilt på kvardag.
  • På rute 531 blir tilbodet mellom Jendem og Malmefjorden redusert.
  • På rute 532 Molde-Elnesvågen blir sommartilbodet redusert, i tillegg til at to avgangar på kvelden berre vil gå på fredag og ein avgang på morgonen blir innstilt.
  • På rute 533 Elnesvågen-Bud blir to avgangar på kvelden innstilte.
  • Rute 534 Elnesvågen-Hustad får mindre reduksjonar.
  • Rute 510 Eide-Molde får eit redusert tilbod på laurdag og søndag.

Rauma, Vestnes og Skåla

  • På alle rutene på Vestnes blir det større endringar i samband med flyttinga av ungdomsskolen til Tresfjord. Dette fører til endring i skoletider for alle skoler unntatt Helland barneskole.
  • På FRAM Ekspress rute 420 Molde-Åndalsnes blir det reduksjon hovudsakleg i helga og på heilagdagar. I tillegg blir avgangen kl. 16.50 Molde-Sølsnes innstilt.
  • På rute 429 Rødven-Lerheim blir alle avgangar på skolefrie dagar innstilt.

Ålesund, Giske og Sula

  • I Ålesund blir det nesten ikkje endringar på rutene.
  • På Giske blir det mindre reduksjonar på Vigra og Godøya.
  • På Sula blir tilbodet uendra.

Sunnmøre nord

  • Nokre avgangar blir innstilte ved skolefri og sommar.
  • Det blir betre korrespondanse mellom FRAM Ekspress rute 100 Ålesund-Molde-Kristiansund og FRAM Ekspress rute 681 Ålesund-Vestnes-Åndalsnes.
  • På FRAM Ekspress rute 100 Ålesund-Molde-Kristiansund blir det ei innstilt avgang på søndag.
  • Rutetidene blir generelt betre.

Sunnmøre sør

  • Det blir eit nytt og betre ruteopplegg mellom Ørsta og Volda med avgangar kvart 20. minutt i rushtida.
  • Rute 310 Åheim-Årvik-Garnes-Hareid blir utvida til å køyre til Ålesund sjukehus.
  • Avgangane kl. 10.20 Volda-Kjøs og kl. 11.05 Kjøs-Volda blir innstilt.
  • Avgangane morgon og kveld mellom Sykkylven og Stryn blir innstilt mellom Sykkylven og Stranda (som betyr at avgangen starter og sluttar på Stranda).
  • Det blir diverse innstilte avgangar ved skolefri.
  • Rutetidene blir generelt betre.

Hurtigbåt

  • På rute 05 Hareid-Valderøya-Ålesund vil avgangen kl. 09.25 frå Hareid gå innom Valderøya før han fortset til Ålesund på kvardagar (ny avgang frå Valderøya kl. 09.45). I tillegg blir det fleire mindre endringar for avgangane i tida frå kl. 17.00 til 22.30. Rutetidene i helga er uendra.
  • På rute 24 Ålesund-Valderøya-Nordøyane blir avgangen på søndag kl. 11.40 frå Valderøya innstilt.

Ferje

  • Rute 14 Stranda-Liabygda vil gå frå eit ekstra sommartilbod til ordinære avgangar.
  • Rute 15 Eidsdal-Linge vil gå tilbake til å bruke to ferjer.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00