Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ruteendringar for ferjene frå 1. mai

Frå 1. mai 2020 blir det endringar i rutetidene for seks samband blant fylkesvegferjene.

Rutene 02 Årvika-Koparneset, 08 Volda-Lauvstad, 12 Sæbø-Leknes, 13 Magerholm-Sykkylven, 16 Standal-Trandal-Sæbø-Skår og 31 Aukra-Hollingsholmen får endringar.

Korrespondansane mellom ferjene og med bussane har blitt betre for pendlarane og næringsverksemdene med endringane som er gjort.

Bruk reiseplanleggaren for oppdatert ruteinformasjon

Vi oppmodar publikum til å bruke reiseplanleggaren på frammr.no og inne i FRAM-appen for å finne oppdatert ruteinformasjon. Det er òg mogleg å ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 for å få ruteinformasjon.

Endringane er gjort i dialog med kommunane

Møre og Romsdal fylkeskommune har gjort endringane i rutetidene i dialog med mellom anna kommunane. I prosessane med kommunane har fylkeskommunen arbeidt for å komme fram til rutetabellar som er best mogleg tilpassa ønska til dei reisande med ferjene og økonomien.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00