Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ruteendringar for buss og ferje på Søre Sunnmøre frå nyttår

Frå 1. januar 2020 blir det fleire ruteendringar på Søre Sunnmøre. Årsaka til endringane er i hovudsak nye ferjetider og tilpassing av busstider for å sikre korrespondanse.

Informasjon om nye avgangstider for både ferje og buss finn de på FRAM si nettside, frammr.no.

Bruk reiseplanleggaren på framsida eller trykk på pila til høgre for valet Ruter i menylinja øvst på sida og vel deretter Ferje eller Buss for å sjå rutetabellar. Du kan og bruke søkefunksjonen i mobilappen FRAM.

Ferjestrekningar som får nye rutetider 

  • Nye ferjetider Festøya-Solavågen (3 ferjer på kvardag med 20 minutts frekvens)
  • Nye ferjetider Volda-Folkestad (40 minutts frekvens i staden for 30 minutt)
  • Justerte ferjetider for Volda-Lauvstad 

 Kva busslinjer blir det endringar på?

 Det blir endringar på desse linjene: FRAM Ekspress 101 (begge retningar), 330, 338, 340, 341, 342, 351, 370, 390 og 391. Det blir og endringar på skolerutene 333 og 334 i Herøy.

 

Meir informasjon om endringane for buss 

  • FRAM Ekspress rute 101 – nye avgangstider:
    Frå Volda kl xx40, Ørsta kl xx58, Festøya kl xx40 og til Moa kl xx10.
     
  • FRAM Ekspress linje 101 frå Ålesund – nye avgangstider:
    Kvardagar, dagtid: kl xx05 frå Ålesund, Moa kl xx35, ferje Solavågen kl xx50 osv.
    Kveld og helg: frå Ålesund kl xx55, Moa kl xx25 og Solavågen kl xx40. 
  • Linje 340 og 341:
    Avgangane mellom Ørsta og Volda går på motsett halvtime av rute 101. På rute 341 blir det direkte korrespondanse til/frå sjukehuset både på nordgåande og sørgåande rute. Merk at Ørsta rutebilstasjon no er endestasjon på ruta (ikkje Anders Aarsætergate). 
  • Linje 342:
    To færre avgangar. Alle avgangar blir innstilt på dagar med skolefri. Bussen stoppar ikkje lenger i Anders Aarsætergate. 
  • Linje 370:
    Avgangane frå Ørsta kl 09.45 og 13.45 er utsett med 5 minutt. Nye avgangstider er 09.50 og 13.50. 
  • Linje: 390 og 391:
    Avgangane kl 15.45 og 16.45 utsett med 10 minutt. Nye avgangstider er 15.55 og 16.55. 
  • Linje 330:
    Fyrste avgang frå Fosnavåg på laurdagar er justert for å rekke buss frå Volda kl 10.20 mot Bergen. Ny avgangstid 09.10 frå Fosnavåg. 
  • Linje 338:
    Avgangstidene er justert og tilpassa rute 101 for korrespondanse i Furene. Det er justeringar på kva avgangar som startar i Volda og Ørsta.
  • Linje 351:
    Avgangane frå Volda kl 13.05 og 18.05 til Nordfjordeid og Nordfjordeid kl 14.25 og 19.25 til Volda vil gå via Kjøs og ikkje via Folkestad. 
  • Det er også endring i skoleruter i Herøy. Skolerute 333 og 334 på morgonen er utsett med 15 minutt. Gjeld Voldnes kl 07.10 (ny tid er 07.25) og Sande kl 07.50 (ny tid er kl 08.05).

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00