I jula er det eit redusert kollektivtilbod på grunn av heilagdagar og juleferie. Du kan bruke reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen til å søke etter rutetidene i jula. I FRAM-appen kan du òg enkelt kjøpe billetten til bussane og hurtigbåtane med mobiltelefonen. Her kan du finne rutetidene for jula i pdf-format. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 om du har spørsmål om kollektivtilbodet.
Merk! Med atterhald om at rutene kan bli endra igjen før jul.
Regjeringa innførte påbod om å bruke munnbind når du reiser kollektivt og ikkje kan halde 1 meter avstand til andre frå 9. desember 2021. Her kan du finne informasjon om å reise kollektivt i tida med korona.
I jula er det noko kortare opningstid for kundesenteret.
Julaftan | 24.12.21 | 08.00-12.00 |
1. juledag | 25.12.21 | Stengd |
2. juledag | 26.12.21 | 10.00-21.00 |
Romjula | 27.12.21 | 08.00-21.00 |
Romjula | 28.12.21 | 08.00-21.00 |
Romjula | 29.12.21 | 08.00-21.00 |
Romjula | 30.12.21 | 08.00-21.00 |
Nyttårsaftan | 31.12.21 | 08.00-15.00 |
1. nyttårsdag | 01.01.22 | 10.00-16.00 |
Her kan du finne opningstidene til FRAM Kundesenter i jula i pdf-format.
Vi ber publikum om å vere merksame på at det er endringar i nokre av rutetidene frå og med 1. januar.
For å sjekke rutetidene for kollektivtilbodet, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no eller FRAM-appen. I FRAM-appen kan du også kjøpe billett til bussane og hurtigbåtane. Her kan du finne rutetidene for bussane, hurtigbåtane og ferjene i pdf-format. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 om du har spørsmål om kollektivtilbodet.
Merk! Med atterhald om at rutene kan bli endra igjen før 1. januar.