Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Redusert kollektivtilbod i jula og endringar i rutetilbodet frå 1. januar

Kollektivtilbodet i jula

I jula er det eit redusert kollektivtilbod på grunn av heilagdagar og juleferie. Du kan bruke reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen til å søke etter rutetidene i jula. I FRAM-appen kan du òg enkelt kjøpe billetten til bussane og hurtigbåtane med mobiltelefonen. Her kan du finne rutetidene for jula i pdf-format. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 om du har spørsmål om kollektivtilbodet.

I jula er det noko kortare opningstid for kundesenteret. Her kan du finne opningstidene til FRAM Kundesenter i jula

Merk! Med atterhald om at rutene kan bli endra igjen før jul.

Opningstidene til FRAM Kundesenter i jula

Julaftan 24.12.20 08.00-12.00
1. juledag 25.12.20 Stengt
2. juledag 26.12.20 10.00-17.00
Romjula  27.12.20 10.00-21.00
Romjula 28.12.20 08.00-21.00
Romjula 29.12.20 08.00-21.00
Romjula 30.12.20 08.00-21.00
Nyttårsaftan 31.12.20 08.00-15.00
1. nyttårsdag 01.01.21 10.00-19.00

 

Endringar i rutetilbodet frå 1. januar

Vi ber publikum om å vere merksame på at det er endringar i rutetidene for bussane, hurtigbåtane og ferjene frå og med 01.01.21.

For å sjekke rutetidene for kollektivtilbodet, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no eller FRAM-appen. I FRAM-appen kan du også kjøpe billett til bussane og hurtigbåtane. Her kan du finne rutetidene for bussane, hurtigbåtane og ferjene i pdf-format. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00 om du har spørsmål om kollektivtilbodet.

Merk! Med atterhald om at rutene kan bli endra igjen før 1. januar.

Her kan du finne informasjon om at hurtigbåtrute 39 Molde-Vestnes-Sekken blir lagt ned frå 01.01.21.

Her kan du finne informasjon om at det blir nye takstreglar og billettar for bussane og hurtigbåtane frå 01.01.21.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00