Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ras ved Sulesund ferjekai: alternative ruter for ferje og buss

Det har gått eit jordskred på fylkesveg 61 i nærheten av Sulesund og vegen er stengt. Ferja kan derfor ikkje gå til Sulesund og vil i staden gå Hareid-Solavåg. Overfarten Hareid-Solavåg tar ca. 1 time.

Det vil gå ferje mellom Hareid og Solavåg så lenge vegen er stengt. I tillegg får busslinjene 101 og 310 alternativ tabell. Det blir og justeringar på ferjesambandet Festøya-Solavåg. Sjå nedanfor. 

Tysdag 24.11 blir det satt i gang arbeid på staden, men det er ikkje klart når vegen kan opne igjen.

Merk! Ved kritisk behov for transport frå Sulesund må dei reisande ringe direkte til MF Giskøy på telefon 415 36 787 og MF Hadarøy på telefon 415 36 311 for å bestille transport.

Alternative buss- og ferjetabellar så lenge vegen ved Sulesund ferjekai er stengt:

Alternativ tabell ferjerute 06 Hareid-Solavåg

Alternativ tabell ferjerute 11 Festøya-Solavågen

Alternativ tabell busslinje 101 FRAM Ekspress Volda-Ålesund

Alternativ tabell busslinje 310 Åheim-Årvik-Garnes-Hareid

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00