Frå og med torsdag 16. juni 2022 blir oppstillingsplassen for bussane ved Kristiansund trafikkterminal flytta.
Det blir åtte spor på den nye oppstillingsplassen der bussane vil stoppe på trafikkterminalen. Bybussane kjem til å stå på spora 1, 2, 3 og 4.
Nummereringa begynner med spor 1 ved innkøyringa til oppstillingsplassen lengst nord i Astrups gate, og til spor 8 nærmare den gamle oppstillingsplassen.
I tillegg blir det ein haldeplass i Fosnagata for passasjerar som skal av bussen, litt nærare krysset Astrups gate/Fosnagata enn det som har vore tidlegare.
I overgangen kan det vere avvik mellom sporet i ruteinformasjonen, og sporet bussen faktisk køyrer frå.
Vi ber publikum om å vere merksame på skilta framme og på sidene av bussane, som viser linjenummeret og destinasjonen.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00