Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Oppdatert 27.10: Linje 905 og 902: ruteendringar frå 2. november pga driftsendring ferje

I samband med ombygging av ferjekaiene på Halsa og Kanestraum i november og desember 2020 blir ei ferje (Svanøy) tatt ut av drift.

Dette fører til endringar for nokre av avgangane til FRAM sine linjer 905 Trondheim-Kristiansund-Molde og 902 Surnadal-Sunndalsøra-Molde.

Dette er dei viktigaste endringane

Måndag – fredag:

  • Rute 905 Trondheim-Molde-Kristiansund avgang kl. 13.15 frå Trondheim blir framskynda til kl. 13.05 måndag-fredag.

    Merk at passeringstidene undervegs og vil bli tilsvarande framskynda:

    • Ankomst Surnadal (Skei) kl. 15.30
    • Avgang Surnadal (Skei) kl. 15.40
    • Ferjeavgang frå Halsa kl. 16.30
    • Ankomst Krifast kl. 17.15 (går videre til Kristiansund)

Passasjerar til Molde må vente 10 minutt ekstra på Krifast og bruke FRAM Ekspress rute 100 til Molde frå Krifast.

  • Rute 902 Surnadal-Molde avgang kl. 16.10 frå Surnadal (Skei) til Sunndalsøra og Molde blir framskynda til kl. 15.40. (Passasjerar som kjem med rute 905 kan bytte til linje 902 i Surnadal for tidlegare ankomst til Molde).

Laurdag:

Det var tidligare meldt at det blir endringar på laurdagar. Dette vil likevel ikkje bli gjort. Tilbodet på laurdagar blir som vist i dagens rutetabell og vil bli videreført i midlertidig rutetabell i anleggsperioden.

 

Andre endringar

I tillegg til dei endringane som gjeld i anleggsperioden, vil det bli nokre generelle endringar på rutetidene på linjene 901 Kristiansund-Sunndalsøra-Oppdal, 902 Surnadal-Molde og 905 Molde-Kristiansund-Trondheim frå 02.11.20.

Reiseplanleggaren på frammr.no og i FRAM-appen vil vere oppdatert med desse endringane. Det blir også lagt ut nye tabellar på frammr.no.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00