Frå laurdag morgon (11.12.21) blei framdørene stengde i områda kor Vy Buss køyrer for FRAM. Frå onsdag 15.12.21 blir framdørene og stengde i områda der Tide køyrer.
Etter anbefaling frå lokale helsemyndigheiter i Kristiansund kommune og Smøla kommune vil framdørene på bussane i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla kommunar bli stengde som eit føre var-tiltak frå onsdag morgon (15. desember).
Vy Buss har beslutta å stenge framdørene på bussane i dei områdene dei er operatør som eit føre var-tiltak. Framdørene blir stengde frå laurdag morgon (11. desember).
Område der framdørene blir stengde er:
Merk at stenginga inkluderar FRAM Ekspress 100/100, 901, 902, 905 og 681.
Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør eller å lese av mobilbillett eller reisekort på billettlesaren fremst i bussen.
FRAM rår alle til å kjøpe billett på førehand i FRAM appen, på trafikkterminal eller i nettbutikken til FRAM. Det vil igjen bli mogleg å kjøpe enkeltbillett med SMS.
Det er krav om gyldig billett sjølv om du ikkje kan kjøpe billett hos sjåfør.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00