På grunn av smittesituasjonen både i Kristiansund og Trondheim blir framdørene på FRAM Ekspress linje 901, 902 og 905 stengde frå i dag, 29. desember, til og med 10. januar.
I Trondheim kommune og Heim kommune er det påbod om bruk av munnbind på kollektivtransport, og i Kristiansund kommune er det anbefalt å bruke munnbind på kollektivreiser viss det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 m avstand.
Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør.
FRAM anbefalar alle om å kjøpe billett på førehand. Her finn du meir informasjon om korleis du kan kjøpe billett.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00