På grunn av smittesituasjonen blir framdørene på bussane stengde til og med 10. januar i Kristiansund, Averøy, Aure og Smøla. Framdørene blir og stengt på linje 100 mellom Kristiansund og Ålesund.
I Kristiansund anbefalar kommunelegen reisande å bruke munnbind viss det ikkje er mogleg å oppretthalde 1 meters avstand.
Stengde framdører betyr at det ikkje er mogleg å kjøpe billett hos sjåfør.
FRAM anbefalar alle å kjøpe billett på førehand. Her finn du meir informasjon om korleis du kan kjøpe billett.
FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00
Org.nummer
944 183 779
Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00