Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Oppdatert! Seivika-Tømmervåg: innstilte avgangar frå kvelden 16. september

Ytste delen av Seivika ferjekai blir riven onsdag 16. september. Det gjer at ferja ikkje lenger kan ligge her om natta, men må gå til Kristiansund. Den første og siste avgangen frå Seivika og Tømmervåg på kvardagar blir da innstilt. Det blir også innstillingar på helg.

Etter rivinga vil kaia berre dekke halve lengda av ferja. Da er det ikkje forsvarleg å fortøye ferja for natta i Seivika. Tømmervåg ferjekai er også under ombygging, noko som gjer at det heller ikkje her er mogleg å ligge for ferja om natta. Det einaste alternativet er da å gå til Kristiansund.

Avgangane kl. 23.30 og 04.50 frå Seivika  og 00.00 og 05.20 frå Tømmervåg blir innstilte alle kvardagar i omlag to månader, fram til den nye kaia er ferdig. I tillegg blir avgangane laurdag kl. 06.30 og 23.30 frå Seivika og 07.00 frå Tømmervåg og søndag kl. 00.30 og 23.30 fra Tømmervåg innstilte. Avgangen frå Seivika søndag kl. 07.30 blir flytta til kl. 0800.

Møre og Romsdal fylkeskommune bygger breiare og lengre pirar med fendring tilpassa dei nye miljøferjene på ferjekaiene i Seivika og Tømmervåg. Kaiene skal vere heilt ferdige innan utgangen av 2020. 

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00