Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Opnar framdørene på bussane måndag 10. august

Frå måndag 10. august blir framdørene opna for påstiging på alle FRAM-bussar i Møre og Romsdal. For å hindre unødig kontakt mellom passasjerane, er det viktig at dei no går på gjennom framdøra og av gjennom bakdørene.

Inga kontantbetaling

Med opne framdører kan passasjerane igjen få lest av billett kjøpt i FRAM-appen og på reisekort på billettlesaren framme i bussen, og det blir mogleg å betale med bankkort. SMS-betaling vil bli vidareført inntil vidare. Gyldig SMS-billett skal visast til sjåfør ved påstiging.

Det vil framleis ikkje vere mogleg å betale med kontantar, då dette blir vurdert som ei smittekjelde.

Avstand til sjåføren er viktig

Det er viktig at reisande unngår å bruke unødvendig tid hos sjåføren. Ved billettkjøp og avlesing av billett i billettlesaren må alle passasjerar følge merking på golvet for å sikre nødvendig avstand.

FRAM oppmodar reisande til å kjøpe billett på førehand

FRAM oppmodar alle som kan, om å kjøpe billett på førehand. Dette gir mest effektiv handtering om bord, noko som reduserer risikoen for smitte. Billett kan kjøpast i FRAM-appen, gjennom nettbutikken på frammr.no, på trafikkterminalene eller via SMS. Påfylling av reisekort kan skje i nettbutikken og på trafikkterminalene.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00