Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nytt rutetilbod for bussane i Kristiansund frå 17. august

Frå og med 17. august 2020 vil rutetilbodet for bussane i Kristiansund få fleire store og viktige endringar. Endringane er eit resultat av prosjektarbeidet til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kristiansund kommune og Averøy kommune i tillegg til tilbakemeldingane frå innbyggarane.

Enklare, forutsigbart og utvida tilbod

Kort fortalt går endringane ut på at det skal bli enda enklare og meir forutsigbart å reise med bussane i Kristiansund og til/frå Averøy. Det blir eit utvida rutetilbod som er betre på kvelden og i helgane enn tidlegare, bussane blir meir presise, og det blir enklare og raskare å reise kollektivt mellom sentrum og Futura/Løkkemyra.

For oppdatert ruteinformasjon, kan du bruke reiseplanleggaren på frammr.no og FRAM-appen. Eller du kan ringe FRAM Kundesenter på telefon 71 28 01 00. Du kan også besøke Kristiansund trafikkterminal ved spørsmål om kollektivtilbodet.

Endringane

Her kan du sjå nærmare på kva for endringar som er gjort på rutene:

501 Kristiansund-Bruhagen-Hoset-Kårvåg

  • Ruta køyrer Kranaveien i begge retningane
  • Frå 17. august og fram til slutten av september køyrer ruta Langveien i staden for Kranaveien på veg mot sentrum på grunn av delvis stenging av Kranaveien
  • Avgangane til rute 503 Bruhagen-Kvernes-Kårvåg blir køyrd av rute 501 mellom Bruhagen og Kristiansund

 

801 Løkkemyra-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Melkvikan-Løkkemyra-Kristiansund lufthavn
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Løkkemyra-Melkvikan-Sentrum
  • På avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta oftare
  • Om morgonen køyrer avgangane frå Kristiansund lufthavn via Vikan (Vikansvingen)
  • Om kvelden køyrer avgangane frå sentrum via Vikan (Vikansvingen)

 

802 Dale-Kristiansund lufthavn

  • Ruta køyrer følgande trasé frå sentrum: Sentrum-Dale-Kristiansund lufthavn
  • Ruta køyrer følgande trasé frå Kristiansund lufthavn: Kristiansund lufthavn-Dale-Sentrum
  • På avgangar i rushtida om morgon og kveld køyrer ruta kvart 15. minutt
  • På avgangane frå sentrum om ettermiddag og kveld køyrer ruta via Torvhaugan
  • På avgangane frå Kristiansund lufthavn køyrer ikkje ruta via Torvhaugan
  • Utvida tilbod laurdag og søndag

 

803 Karihola-Idrettsparken

  • Ny ringrute Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kranaveien-Sentrum
  • God korrespondanse frå Sundbåten
  • Utvida rutetilbod måndag-søndag
  • Frå 17. august er det korrigert trasé på grunn av delvis stenging i Kranaveien fram til slutten av september. Korrigert trasé vil vere: Sentrum-Skytterveien-Karihola-Kristiansund stadion-Idrettsparken-Kristiansund stadion-Brunsvika-Sentrum

 

807 Nordlandet-Innlandet-Øvre Bydel

  • Ny rute som vil erstatte rutene 804 Innlandet, 805 Skorpa-Milnbergan og 806 Øvre Bydel
  • Ruta køyrer følgande trasé: Sentrum-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum
  • Ruta køyrer følgande trasé på nokre avgangar: Sentrum-Kranaveien-Wilhelm Dalls vei-Nergata-Omagata-Verkstedveien-Futura-Jutvika-Hønebukta-Rokilde-Sykehuset-Sentrum
  • Utvida rutetilbod måndag-søndag
  • Det vil bli eit FRAM Flexx-tilbod mellom sentrum og Skorpa

 

811 Kristiansund sentrum-Sødalen

  • Nytt tilbud til og fra Sødalen på skoledagar
  • Avgangar kvar halvtime i begge retningar i rushtida

 

812 Kristiansund sentrum-Godhaugen-Storbakken-Flatøya

  • Avgangar kvar halvtime mellom Godhaugen og Kristiansund sentrum i rushtida
  • Utvida rutetilbod på helg
  • Ny haldeplass ved Godhaugen. Bruk reiseplanleggeren på frammr.no eller i FRAM-appen for å finne plasseringa

 

813 Rensvik-Bjørnvik

  • Ingen endringar på ruta

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00