Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nytt kollektivtilbod når Nordøyvegen opnar

Det blir store endringar i kollektivtilbodet for Nordøyane når Nordøyvegen opnar. Frå søndag 28. august blir det eit heilt nytt opplegg både for buss og hurtigbåt. I arbeidet med kollektivtilbodet har det vore lagt vekt på å få eit best mogleg tilbod for pendlarar og skuleelevar på Nordøyane. FRAM har hatt eit godt samarbeid med skolar og aktørar i nærmiljøet for å få til dette, seier Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM.

Hurtigbåt

Hurtigbåten vil gå i rute Ålesund – Valderøya – Store Kalvøy – Hamnsund. På kvardagar blir det tolv avgangar frå Ålesund til Hamnsund, og tilsvarande i retur. På helg blir det sju avgangar i kvar retning. Av desse avgangane vil sju avgangar totalt gå innom Store Kalvøy på kvardagar og fem på helg.

På kvardagar blir første avgang frå Ålesund kl. 06.40, og siste avgang frå Hamnsund kl. 21.20. På laurdagar blir første avgang frå Ålesund kl. 09.10, på søndagar kl. 13.25. Siste avgang frå Hamnsund på laurdagar blir kl. 17.43 og kl. 21.05 på søndagar.

Buss

Busslinje 232 vil gå frå Finnøya til Hamnsund/Brattvåg. Det er lagt opp til omfattande korrespondanse med ferje på Finnøya, med buss vidare frå Brattvåg til Moa, og med hurtigbåt frå Hamnsund til Ålesund sentrum.

I samband med ny ferjerute Dryna-Brattvåg blir det utvida busstilbod mellom Brattvåg og Moa med korrespondanse med ferjene.

Kombibillett for buss og hurtigbåt

Det vil bli mogleg å kjøpe ein periodebillett som dekker både buss til Hamnsund og hurtigbåten til Ålesund. Ein slik periodebillett vil ha god rabatt samanlikna med å full pris. I perioden 22. august til 22. oktober er det 40 % rabatt på hurtigbåt til/frå Ålesund, og i denne perioden vil kombibilletten til/frå Nordøyane bli tilsvarande billegare.

Meir informasjon

Rutetabellar for buss, hurtigbåt og ferjer blir lagt ut på frammr.no så snart alle detaljar er klare.

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00