Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nytt busstopp for rutebussene i Aure sentrum f.o.m. 5. mars

På grunn av bygging av nye butikklokale i nedre del av Aure sentrum blir busstoppet (v/brannstasjonen) flytta opp til Aurdalsvegen nedom Aure barne- og ungdomsskole.

Frå og med måndag 5. mars 2018 må rutebussane, rutene 821 Kjørsvikbugen-Aure-Tustna-Kristiansund (FRAM) og 470 Aure-Kyrksæterøra-Orkanger-Trondheim (AtB), bruke busstoppet utanfor skolen. Rutebussane vil stå fremst på busstoppet. Skolebussane har brukt dette busstoppet tidlegare også og vil stå bak rutebussane.

Alle bussane vil køyre inn Aurdalsvegen og snu ved ei ny rundkøyring før dei stoppar ved den «nye» busslomma. Om relativt kort tid vil det bli satt opp eit nytt leskur for passasjerane som nyttar rutebussane. Busslomma vil bli asfaltert i løpet av våren.

FRAM Kundesenter
Telefon: 71 28 01 00

Org. nummer:
944 183 779

Opningstidene
Kvardag: 08.00-21.00
Laurdag: 09.00-18.00
Søndag: 10.00-21.00