Fram logo
  • Skriftstørrelse
    Hold Ctrl-tasten nede. Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Nye reglar for mat og drikke om bord på bussen

Vi ønsker at bussturen skal vere fin og triveleg for alle. Det betyr at vi må ta omsyn til medpassasjerane våre, også når det gjeld mat og drikke.

Husk at varm drikke i beger utan lokk kan vere farleg for andre passasjerar, og at mat med sterk lukt kan vere sjenerande. Matsøl og søppel er svært utrivelig for oss alle.

Takk for at du viser omsyn!

Dette kan du ikkje ta med på bussen

  • Drikke i opne beger (gjeld både kalde og varme drikker)
  • Varm mat (for eksempel – men ikkje avgrensa til – hamburgar, pølse med brød, kebab, chips)
  • Iskrem
  • Potetgull, baconcrisp og liknande produkt (dette har vi dessverre mykje dårlege erfaringar med)

Dette er tillatt å ta med inn på bussen

  • Matpakke med brødskiver med pålegg som ikkje luktar sterkt
  • Baguette med «tørt» pålegg
  • Drikke i beger med lokk
  • Drikke på flaske med kork/topp
  • Sjokolade, drops og liknande
  • Frukt

Rydd opp etter deg

Det er ikkje hyggeleg å kome til eit sete der det ligg søppel og rask. Vi ber derfor om at du tar kastar all søppel i søppelbøttene om bord eller tar med deg papir, flaskar og anna når du går av bussen. Dette gjeld også tyggegummien og snusposen.

Sjåføren har rett til å sei frå

Sjåføren har rett til å nekte reisande å ta med mat eller drikke som kan vere sjenerande eller som utgjer ein risiko, inn på bussen. 

Vi håpar alle vil vere med å bidra til dette!

FRAM Kundesenter
Telefon 71 28 01 00

Org.nummer
944 183 779

Opningstidene
Kvardag 08.00-21.00
Laurdag 09.00-18.00
Søndag 10.00-21.00