FRAM lanserer onsdag 7. oktober ein ny betalingsmetode for bussreiser - koronabilletten. Dette blir gjort fordi framdørene igjen er stengt i bussane i fleire område i fylket og det ikkje er mogleg å kjøpe billett av sjåføren.
Koronabilletten er ein verdikupong tilpassa deg som enten ikkje har mobiltelefon eller har eit mobilabonnement med sperre for å kjøpe tilleggstenester med mobil.
Med koronabilletten møter FRAM innspela vi fekk sist gong framdørene var stengde. For FRAM er det viktig at alle kundane har tilgang til å kjøpe gyldig billett. Med koronabilletten unngår vi at vi kjem opp i ein situasjon kor enkelte av kundane våre ikkje har moglegheit til å få betalt på bussen.
Koronabilletten kostar 292 kroner og du kan kjøpe den på Kristiansund trafikkterminal, Molde trafikkterminal og Moa trafikkterminal. Du får også kjøpe koronabillett ved å kontakte FRAM kundesenter. Koronabilletten blir då sendt i posten saman med ein faktura.
Koronabilletten består av fleire verdifelt av med ulik kroneverdi. Billetten er med andre ord ein manuell og tillitsbasert verdikupong, kor kundane sjølv registrerer reisekostnaden sin.
Sjølve registreringa skjer ved at kundane skriv inn dato og klokkeslett for reisa dei gjennomfører i verdifelt tilsvarande prisen for si reise.
Samstundes som FRAM lanserer koronabilletten, oppmodar vi alle som har moglegheit om å framleis bruke FRAM-appen eller SMS-betaling på buss.